Tilskot 2025 til individuelle ferieaktivitetar for personar med utviklingshemming

Ålesund kommune gir tilskot til individuelle ferieaktivitetar til personar med nedsett funksjonsevne/utviklingshemming.

Tilskot blir gitt innafor ramma for den bevilling som kvart år står til disposisjon.

Krav til søknaden

I søknad skal ein gjere greie for kva type aktivitet det vert søkt midlar til, kva budsjett ein har for aktiviteten og korleis midlane skal brukast.

Søknadsfrist: 6.juni 2025

Søk om tilskot

Søknaden skal sendast inn ved å nytte det digitale søknadsskjemaet nedanfor. Treng ein hjelp til utfylling av søknaden, ta kontakt med næraste innbyggjartorg for bistand.

Søk om tilskot til individuelle ferietiltak

Ansvarleg for tenesta