Finn informasjon og søk om spelemidlarSpelemidlane er ei statleg tilskotsordning til bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Kven kan søke? Søknad må normalt fremmas seinast søknadsåret etter at anlegget er ferdigstilt. Eigaren av anlegget. Kommunar og fylkeskommunar. Samanslutningar under NJFF, DFS og Norges bilsportforbund. Lag og foreiningar registrert i frivilligheitsregisteret (unntak hyttevelforeiningar). Grupper organisert under Friluftsrådenes landsforbund, Norsk friluftsliv, Den Norske turistforening, Norsk kennelklubb og Norsk organisasjon for terrengsykling. Aksjeselskap, andelslag eller andre samvirke som oppfyller krava til organisasjonsform. Vedtekter leggjest ved søknaden. Kva kan det søkast om tilskot til? Bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, friluftslivsanlegg og nærmiljøanlegg som er open for allmenn idrettsleg verksemd eller eigenorganisert aktivitet, som ikkje er underlagt kommersielle interesser. Kjøp og innreiing/ ombygging av eksisterande anlegg. Universell utforming av tidlegare oppførte anlegg. Kor mykje kan det søkast om? Ordinære anlegg Hovudregelen er at det vert utrekna eit tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad, ut frå satsar for den enkelte anleggstype. Nedre grense for søknadsrettkomne kostnadar er kr. 150 000, og da med eit tilskot på kr. 50 000. Nærmiljøanlegg Hovudregelen er at det vert utrekna eit tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad. Tilskot er avgrensa til kr. 300 000 pr. anlegg/ element. Nedre grense for søknadsrettkomne kostnadar er kr. 50 000, og da med eit tilskot på kr. 25 000. Kva krav gjeld for anleggsplanane? Planane for anlegget må vere i tråd med krav og retningslinjer fastsatt i gjeldande føresegnene for den enkelte anleggstype. Ein må foreta idrettsfaglege/ tekniske vurderingar av planane etter mål, utforming, idrettsfunksjonalitet, estetikk, miljø og økonomi etter nærare kriterium for dei ulike anleggstypane. Føresegnene for spelemiddelordninga blir revidert kvart år, og det kan føre til endringer i vilkår/krav/tilskotssats som får verknad for fornya søknader.Sjå "Gode idrettsanlegg" for døme på forbildeanleggSjå prosessrettleiar frå TvergaSjå prosjektrettleiar frå "Gode idrettsanlegg" Kva skal spelemiddelsøknaden innehalde? Behovsoppgåve med utgreiing av; type anlegg, dei behov som er (innhald og dimensjon (t.d. antall brukarar/type bruk m.a.) for anlegget), korleis er anlegget vurdert i kommunen sine planar/handlingsprogram?, kor ligg anlegget plassert jamføre andre liknande anlegg (avstand)?, innbyggartal, kven skal nytte anlegget?, antal medlemmar i idrettslaget/ laga som skal nytte anlegget og driftar. Barn og unge sine behov må bli synleggjort, og sett opp mot eksisterande tilbod. Dette vil danne grunnlaget for innhald og dimensjonering av anlegget.Omtale/skisse/bilder av korleis universell utforming er tenkt ivaretatt jf. føresegner og rettleiar universell utforming av idretts- og nærmiljøanlegg. Ein skal nytte byggteknisk forskrift TEK 17.Ved rehabilitering skal tilstandsrapport ligge ved søknaden.Situasjonsplan i målestokk 1:1000 eller 1:500 bør med. Synleggjer området som skal nyttast til anlegget, og kva for areal ein har til vidare utnytting.Detaljert kostnadsoppsett utarbeidd av kvalifisert personell, etter tilbod frå leverandør/ utførar. Skil tydeleg mellom dugnadsverdi og kontantutgifter. Kostnadane lyt spesifiserast med fleire postar.Finansieringsplan med dokumentasjon av finansieringspostane, t.d. lånetilsegn, tilsegn om tilskot, eigenkapital (kontoutskrift, privat tilskot), anna offentleg støtte og dugnadsverdi (spesifisert). Kommunen kan nytte mva. kompensasjon som dokumentasjon. Det kan ikkje frivillige lag og organisajonar gjere.Plan for drift av anlegget som syner vedlikehaldsintervall og driftsbudsjett.Landskapsplan som syner anlegget sin tilpassing til nabobusetnad og landskapet sin karakter.Vedtatt reguleringsplan (evt. arealplan) med kommunen sin dato for godkjenning.Nærmiljøanlegg med utstyr sertifisert i høve NS EN 16630 fastmontert utendørs treningsutstyr og NS EN 16899 sports- og fritidsutstyr - parkour-utstyr - sikkerheitsskrav og prøvingsmetodar er godkjend for spelemidlar. Rett sertifisering skal vere dokumentert i søknaden.For innandørsanlegg gjeld i tilleggUtforming av anlegg blir utført i samsvar med gjeldande byggforskrift.Planteikning av alle etasjar i målestokk 1:100, med teikna inn dørslag, dusjhovud, innreiing av WC, garderobe, kjøkken o.l.Teikning av snitt i målestokk 1:100 som syner takhøgde (fri takhøgde der dette er eit krav), stigning på eventuelle tribuner o.l.Teikning av fasade i målestokk 1:100.For idrettsbaner, turvegar, skiløyper og turstiar gjeld i tilleggBaneplan i målestokk 1:500 som syner merking, radiusar og overhøgde/fall.Planar for anlegg med fast dekke skal vere i målestokk 1:200, kor det kjem fram nøyaktig avgrensing av det faste dekket.Dreneringsplan i målestokk 1:500 som viser suge-, samle og overvassleidningar samt avskjeringsgrøfter, kummar og sluk.Snitt/ tverrprofilar, lengdeprofilar som viser eksisterande grunntilhøve og planlagd oppbygging av bana, turvegen mfl., samt tjukkleik og korngradient på dei ulike laga.For turvegar, skiløyper og turstiar bør ein seier noko om kvileplassar og skilting/merking. Det er anbefalt å nytte merkehåndboka. Tiltakshavar må framhalde korleis ein sjølv/relevant myndighet har vurdert/utgreid tiltaket i høve naturmangfaldlova. Anlegg med undervarme blir dokumentert på planteikning som syner plassering av varmesentral, føring av røyr, og oppbygging av bana. Det skal gjerast greie for val av energikjelde.Ved rehabilitering av kunstgrasbaner med plastholdig fyllmateriale, skal "forskrift om begrensing av forurensing" bli stetta.For ei rekkje anleggstypar gjeld særskilte tilleggskrav. Har du rett til bruk av grunn? Retten skal vere dokumentert og ha heimel i eit av følgjande forhold: Tinglyst eigedomsrett Tinglyst feste-/leigerett på minimum 30 års lengd (10 år for nærmiljøanlegg) Avtale på minimum 30 års lengd for anlegg på kommunal, fylkeskommunal eller statleg grunn. Avtale på minimum 20 års lengd med grunneigarar om bruk av grunn for turvegar til ordinært anlegg. For turvegar, skiløyper og turstiar skal rett til bruk av grunn for nærmiljøanlegg ha heimel i avtale på minimum 10 års lengd, med automatisk fornying for 10 år om gongen, om ingen av partane seier opp av avtalen innan eit år før avtaletida går ut. Er tiltaket omtalt i kommunal plan - handlingsprogram? Ordinære anlegg det blir søkt om spelemidlar til skal vere omtalt i handlingsprogrammet til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Nærmiljøanlegg treng ikkje å vere omtalt i handlingsprogrammet for å søkje om spelemidlar, men ein ønskjer det for synleggjering, oversikt og prioritering. Les meir om inntak i kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Skal du søke om forskot av spelemidlar? Forskotering av spelemidlar ved hjelp av spelemiddelfondet gjeld idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsanlegg opparbeidd av frivillige lag og foreiningar med registrert adresse i Ålesund kommune. Spelemiddelsøknad må vere godkjent før ein kan søke om forskottering frå spelemiddelfondet. Søk om forskotering frå spelemiddelfondet (XLS, 41 kB)Alle som søker om forskotering av spelemidlar plikter å gjere seg kjent med spelemiddelfondet sine retningslinjer. Spelemiddelfond retningslinjer (PDF, 68 kB) Utbetaling av spelemidlar Første utbetaling skjer etter at søkar har fått tilsegn om tilskot og kommunen har stadfesta at anleggsarbeidet er starta opp. Inntil 85 % av tilsegnsummen blir utbetalt. Sluttutbetaling av dei resterande 15 % blir utbetalt når sluttrekneskapen er sendt inn. Kva skal sluttrekneskapen innehalde?Riktig utfylt rekneskapssamandrag, jf. føresegner frå Kulturdepartementet kap. 5, med underskrift av anleggseigar. For riktig utfylling av rekneskapssamandrag, sjå rekneskapsskjema med forklaring (PDF, 2 MB). Dugnadsbeløp i rekneskapssamandraget kan ikkje vere høgare enn kostnadsoverslag.Underskrift frå kommunen på rekneskapssamandraget som stadfestar at anlegget er fullført i samsvar med godkjende planar. Eventuelt ferdigattest frå kommunen.Eige anleggsrekneskap med oppstilling som svarar til saldobalanse/hovudbok med tilhøyrande underdokumentasjon. Vedlagte bilag og bilagsoversikt. Bilagsnummer skal kunne sporast tilbake til anleggsrekneskapet.Saldobalanse/hovudbok.Utskrifter frå bank som stadfestar transaksjonar. Det skal også gå fram kven som har attestert og godkjend transaksjonane.Kvittering på spelemiddelsøknad med kostnadsoppsett og finansieringsplan.Tilsagnsbrev om spelemidlar. Last ned rekneskapsskjema her (XLSX, 38 kB)Last ned sjekkliste for spelemiddelrekneskap her (DOCX, 43 kB) Sjå utfyllande informasjonInformasjon i anleggsregisteretFøresegner frå Kulturdepartementet (PDF, 852 kB)Om momskompensasjon for anlegg frå lotteri - og stiftelsestilsynetViktige datoar:15. november: Frist for spelemiddelsøknad til kommunen er.15. januar: Frist for ei samla oversending av kommunen sine spelemiddelsøknadar til fylkeskommunen er.Mars: Tilbakemelding i frå fylkeskommunen om søknaden er rett utfylt.Mai: Kulturdepartementet legg ramma til fordeling.15. juni: Fylkeskommunen innstiller søknadane innan.15. juni: Nytt søknadsår. Søknadsportalen vert opna.SøknadSøk om spelemidlar i anleggsregisteretRettleiingKommunen ønsker å vere aktivt involvert og legge til rette for informasjon, rettleiing og kontroll av planane undervegs i søknadsprosessen.KontaktJens Arne GjørsvikRådgivar ordinære anleggSend e-postTlf: 977 14 664Ida Haug TheodorsenRådgivar friluftsliv og fysisk aktivitetSend e-postTlf: 482 21 335Ansvarleg for tenestaKultur og fritid Sist endra 23.10.2024 10.51