Tilskotsordninga har som formål å stimulere til lokale kultur- og idrettstiltak som gir auka aktivitet, inkludering og deltaking i nærmiljøa.
Kurstilskot
Tilskot kan bli gitt til deltakarar på kurs og konferansar som har som hovudmål å gi leiarar/ instruktørar eit betre grunnlag for arbeidet dei gjer innan aktivitetsområda.
Kommunen kan maksimalt dekke 50 % av dei samla utgiftene til reise, opphald og kursavgift. For lokale kurs kan det ytast tilskot på inntil 7 000 kr pr. kurs, samla for alle deltakarane. For regionale eller landsomfattande kurs kan det ytast tilskot på inntil 10 000 kr pr. kurs, samla for alle deltakarane.
Etableringstilskot
Tilskot kan bli gitt til nystarta foreiningar og lag med beløp på inntil 15 000 kr. Etablering av idrettsskular etter Norges Idrettsforbund (NIF) og Norges Olympiske komite sine retningslinjer er 15 000 kr.
For å få slike tilskot må foreininga/laget som hovudregel ha minst 15 medlemmer og drive i Ålesund kommune. For nye idrettslag må det bli lagt ved dokumentasjon for opptak i NIF.
Arrangementstilskot
Der frivillige lag og organisasjonar er arrangør kan ein gi:
- Direkte tilskot til særlege arrangement.
- Dekning av underskot. Det kan bli gitt dekning av underskot opptil 10 000 kr ved arrangement. I heilt spesielle anledningar kan tilskotet aukast. Tilskot skal bli utbetalt etter at revidert rekneskap føreligg.
- Norgesmeisterskap. Arrangement med formell status som gir norsk meister, blir gitt eit tilskot på inntil 15 000 kr. Andre norgesmeisterskap på høgt nivå kan få støtte med inntil 10 000 kr.
Søk om tilskot til rekruttering og aktivitet (digitalt skjema)
Dersom du vil fylle ut for hand, kan du skrive ut Søknad om kommunale kultur- og idrettsmidlar til rekruttering og aktivitet (PDF, 180 kB) her.
Søknader på papir blir sendt til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund.