Aktivitetskalenderen Friskus

Friskus er ein aktivitetskalender der du kan finne spennande arrangement og frivillige oppdrag i området der du bur.

Gå til Friskus Ålesund

Friskus er ein digital aktivitetskalender for det som skjer i Ålesund kommune – samla på ein stad. Den er gratis og kan brukast av alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen. Friskus kan også brukast for å rekruttere frivillige og for deg som ønsker å vere frivillig.

Friskus er ein aktivitetskalender med spennande arrangement og frivillige oppdrag nært der du bur. Kalenderen gir deg som innbyggar høve til å filtrere både på interesse og stad. Du vel sjølv om du vil melde deg på eller berre få informasjon om når og kvar ting skjer.

Sjå korleis rekruttere frivillige med Friskus

 

Ansvarleg for tenesta