Sjå kart over svømmehallane i nytt nettlesarvindauge.
Brattvåg Svømmehall
Svømmehallen i Brattvåg har eit basseng som er 25 m langt. Brattvåg Svømmeklubb har det daglege ansvaret for aktivitetar i hallen utanom skoletid. Klubben stiller med badevakter, og driv folkebading i tillegg til eigne aktivitetar.
Hallen blir nytta til undervisning, folkebading og idrettsaktivitet.
Håp i havet – Finnøy
I havgapet på Finnøy ligg eit lite, moderne badeland for velvære, trim og trening som inneheld eit hovudbasseng på 8,5 x 12,5 m, barnebasseng, boblebenk, vasstraum, badstue, dampbad, rutsjebane og trimrom.
Moa svømmehall
Moa svømmehall har stor aktivitet med badeglede, trening og helse heile veka. Hallen inneheld eit hovudbasseng på 25 x 12,5 m med eigen stupe - og djupvatndel, varmebasseng med rullestolrampe, badstue og plaskedam for dei minste. Aktivitetane er til dømes offentleg bading, skolesvømming, fysioterapigrupper, organisert idrett, babysvømming og pensjonistbading.
Ørskog svømmebasseng
Svømmebassenget ligg ved Ørskog skule og er 12,5 m langt. Bassenget blir nytta til undervisning. Utleige til lag, organisasjonar og privatpersonar. Det er ikkje ordinær publikumsbading.