Rekruttere fleire frivillige

Korleis når du ut til nye frivillige som kan bli med?

Frivillighetens unike eigenverdi er kombinasjonen av felleskap, meiningsfull kvardag, god kjensle, medråderett og engasjement. Så er det då plass til fleire som kan få nyte godt av dette?

Det å spørje andre er den viktigaste rekrutteringskanalen for dei fleste organisasjonar. Men når vi spør andre så ender vi ofte opp med å rekruttere i dei same sosiale krinsane. Viss du snur på det, er ein av dei største barrierane til at folk ikkje gjer meir frivillig arbeid at dei står utanfor desse sosiale nettverka.

Eit av dei viktigaste grepa for inkludering ein organisasjon kan ta, er å opne opp for fleire frivillige ved å rekruttere breitt og gjennom fleire kanalar. På denne måten blir dei frivillige i mindre grad avhengige av å ha eit nettverk eller kjenne nokon som allereie er frivillig for å bli invitert med inn. Dette senkar terskelen for å bli med i frivillige organisasjonane.

Slik kan lag og organisasjonar rekruttere frivillige og vise aktivitetar?

Den digitale aktivitetskalenderen Friskus kan brukast for å rekruttere frivillige. Ved å ta i bruk Friskus kan ein vise fram aktivitetar, koordinere og rekruttere – alt på ein stad, saman med andre. Det er enkelt å opprette brukar:

  1. Gå inn på www.alesund.friskus.com
  2. Trykk på «Bli arrangør» i menylinja oppe til venstre på sida. Fyll ut opplysningar om laget/organisasjonen og du er i gong!

Tenesta er gratis og fri for reklame.

Ansvarleg for tenesta