Gå til Friskus Ålesund
Friskus er ein digital aktivitetskalender for det som skjer i Ålesund kommune – samla på ein stad. Kalenderen er gratis å bruke og gjer det enklare både å finne noko å vere med på og å synleggjere eigne aktivitetar.
For deg som vil finne aktivitetar
I Friskus kan du få oversikt over aktivitetar og arrangement i nærmiljøet. Her finn du til dømes:
- kulturarrangement
- fritidsaktivitetar
- møteplassar
- familieaktivitetar
- frivillige oppdrag
Kalenderen gjer det enkelt å finne tilbod som passar for deg. Du kan filtrere på mellom anna interesse, stad og type aktivitet.
Du vel sjølv om du berre vil sjå kva som skjer, eller om du vil melde deg på aktivitetar og engasjere deg som frivillig.
For lag, organisasjonar og andre arrangørar
Friskus er også eit verktøy for lag, foreiningar, organisasjonar, kommunale verksemder og andre som tilbyr aktivitetar i Ålesund kommune.
Ved å bruke Friskus kan de:
- annonsere aktivitetar og arrangement
- nå ut til fleire innbyggjarar
- synleggjere tilbod på ein felles stad
- rekruttere frivillige
- gjere det enklare for folk å finne fram til aktivitetane dykkar
Kalenderen er gratis å bruke.
Rekruttere frivillige med Friskus
Friskus kan brukast til å synleggjere frivillige oppdrag og nå ut til fleire som ønskjer å engasjere seg. For mange organisasjonar er eigne nettverk den viktigaste rekrutteringskanalen, men ved å bruke Friskus kan de også nå personar som elles ikkje ville ha fått vite om moglegheita.
Dette kan bidra til breiare rekruttering og lågare terskel for å bli med.
Slik kjem de i gang
For å ta i bruk Friskus som arrangør, må de opprette ein arrangørprofil.
- Gå til alesund.friskus.com
- Vel Opprett arrangørprofil
- Fyll inn opplysningar om laget, organisasjonen eller verksemda
- Legg inn kontaktperson og kontaktinformasjon
- Når profilen er oppretta, kan de publisere aktivitetar og frivillige oppdrag
Kven kan opprette arrangørprofil?
Alle lag, foreiningar, organisasjonar, kommunale verksemder og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen, kan opprette arrangørprofil i Friskus.
Alle arrangørar må registrere kontaktperson og kontaktinformasjon.