Sterk og stødig

Førebyggjande gruppetrening for seniorar i alderen 65+.

Kva

Det er gruppetrening for deg som er over 65 år og bur heime. Du kan gå utan hjelpemiddel eller annan støtte inne, men opplever at balansen og styrken i beina ikkje er som før.

Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trener for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg litt til ein stol ved behov.

Gruppene blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs. Fysioterapeutar er rettleiarar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommuna.

Kor og når

Treninga er innandørs i ditt nærmiljø og du må komme deg til/frå treninga sjølv. 
Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Meir informasjon om dette får du lokalt, hos den enkelte gruppe og instruktør.
Gruppene følgjer skuleåret, og har fri når skulane har ferie.

Sterk og stødig treningsgrupper
StadDagKlokkeslett
Ålesund, Sanitetssenteret, R.P. Morks veg 17Måndag 12.00-13.00
Ålesund, Nørve, Borgundv. 162 BMåndag12.30-13.30
Sjøholt, ØrskoghallenMåndag14.00-15.00
Ålesund, Aspøy omsorgssenterTysdag11.00-12.00
Ålesund, Aspøy omsorgssenterTysdag12.45-13.45
Skodje, Fagerheim ungdomshus, Skodjevegen 475Tysdag11.00-12.00
Harøy, Harøy skuleOnsdag 11.00-12.00
Ålesund, Blindheim klubbhus, Sportsvegen 4Onsdag11.00-12.00
Ålesund, Blindheim klubbhus, Sportsvegen 4Onsdag12.30-13.30

Påmelding og pris

Alle gruppene er fulle. Dersom du ønskjer å sette deg på venteliste eller har spørsmål, ta kontakt på e-post: sterkogstodig@alesund.kommune.no eventuell ring, eller send sms til 97 95 16 56. Telefon og e-post er betjent måndag og torsdag kl. 09.00-10.30.

Pris: kr 350,- per halvår. Faktura blir sendt i post, vår og haust.

Vil du bli instruktør?

Sterk og stødig er eit populært tilbod, og vi har behov for å starte fleire grupper. Vi treng derfor fleire instruktørar.

Vi leitar etter deg som

  • er glad i å bevege deg​
  • liker å jobbe med andre​
  • er senior eller er ledig på dagtid​
  • ønskjer å leie ei treningsgruppe

 

Du som vil bli instruktør får du:

  • instruktørkurs
  • hefte med øvingar ​
  • hjelp med igangsetting av gruppe​
  • rettleiing av fysioterapeut​
  • delta på instruktørsamlingar med fagleg påfyll​
  • nye vennskap​

Instruktørkurs 

I samarbeid med Haram kommune har vi instruktørkurs ein gong i året. Kurset er gratis, og vi håper at du ønskjer å bli med på laget. Tidspunkt for kommande kurs blir annonsert her, på Senior i Ålesund på Facebook (https://www.facebook.com/seniorialesund) og Friskus (https://alesund.friskus.com/nn/organisations/bfef4c75-88c9-4ed0-91da-ea4f00e8ffbc)

Meir informasjon

Ansvarleg for tenesta