Den digitale innbyggar

I eit samfunn med økande grad av digitalisering, er det mange som kjenner på digital sårbarheit. Dersom ein skal kunne vere aktiv og deltakande i samfunnet, er det vanskeleg utan noko digital kompetanse.  Ålesund kommune har to ulike tilbud til innbyggerane. DigiVei og Fole kjekt å vere sosial og digital.

Hensikt

  • Forebygge digital utanforskap.
  • Motvirke einsemd hos eldre.
  • Legge til rette for aktivt medborgarskap.

Målgruppe

Alle

DigiVei

DigiVei er kommunens rettleiingsteneste når du står fast digitalt. 
Du finn tilbudet hos alle innbyggertorg, bibliotek og frivilligsentralar i kommunen. Her kan du få hjelp og rettleiing i ulike digitale utfordringar du står overfor.  Det kan vere rettleiing i å finne informasjon/skjema på kommunens nettside, hjelp til å laste ned og bruke appar, korleis søke på internett e.l.

Tilbodet er gratis og tilgjengeleg i heile opningstida.

Fole kjekt å vere sosial og digital

Syns du det er vanskeleg å bruke internett, logge inn i nettbanken eller svare på e-post? Møteplassen "Fole kjekt å vere sosial og digital" er ein møteplass for seniorar der ein over ein kopp kaffi og ein god prat kan lære meir om dei digitale verktøya ein bruker i kvardagen.

Arrangementa er gratis og det krev inga påmelding – det er berre å møte opp. Du må ta med deg din eigen mobiltelefon eller nettbrett, og gjerne ladaren også. 

 

Informasjon om alle arrangementa og mykje anna kan du sjå i Friskus.

Kvar? 

Når?

Drop-in eller etter avtale.

Vil du vite meir? 

For meir informasjon kan du ta kontakt med Christine Maurstad (mandag – fredag 08.00 – 16.00) 

Sjå også i Friskus.

Ansvarleg for tenesta