Turmål

Sunnmøre har rikeleg med natur og frisk luft. 20 minuttar i grønne omgivelsar senkar stress og gir betre helse. Finn ditt neste turmål og god tur!

Stikk UT! Vinter

1. desember brakar det laust med ny vintersesong for Stikk UT! der ein kan velgje mellom 154 skiturar og 255 fotturar i heile fylket og litt til.

I Ålesund kan ein velje mellom 47 fotturar og skiturar. Vi har gode skiløyper både rundt Svartløken, i Vaksvika, i området Turheisa i Spjelkavika og på Emblem. I tillegg så er det også på Bjorli, der mange i frå vår region har hytte.

Kort fortalt

  • Stikk UT! er gratis og ope for alle! 
  • Stikk UT! Vinter består av skiturar og fotturar og er eit samarbeid mellom friluftsråda i fylket, hovedsponsor Sparebanken Møre, 50 skiklubbar i Møre og Romsdal skikrets, skisenter, løypelag, deltakarkommunane og mange dyktige frivillege. 
  • Alle kommunane i Møre og Romsdal, Heim i Trøndelag og Bjorli i Lesja kommune er med. Målet vårt er å auke aktiviteten og deltaking i friluftsliv i vinterhalvåret. 
  • Dei fleste Stikk UT! Ski-turmåla går i løypenett. Informasjon om når skiløypene er trakka ser ein i Stikk UT!-appen der løyper.net er integrert. 
  • Turmåla registrerer ein i Stikk UT! appen og på stikkut.no (kjem seinare i sesongen).

Vinn premiar til Ski-VM

26. februar til 9.mars 2025 er det Ski-VM i Trondheim. I samband med det køyrer Friluftsrådet kampanjen «Stikk UT! Ski til Ski-VM i Trondheim» der deltakarane som registrerer minst 10 skiturar innan 1. februar kan vinne billettar til VM. I starten på februar blir tre vinnarar trekt ut og får to billettar kvar til Ski-VM.

Feiring av Friluftslivets år 2025

Friluftsråda inviterer alle til å bli med og feire Friluftslivets år 2025. Dette kick-startar med «Hele Norge båler» 18. januar og påfølgande veke. Ta gjerne turen til ein gapahuk til fots eller på ski og tenn bål saman med turvener i veke 3. Mange Stikk UT!-turmål går til ein gapahuk eller du passerer ein. Fleire gapahukar har gruer der ein kan fyre opp bål.

– Hugs gjerne litt ved og fyrstikker. Eit bål varmar godt, og det er koseleg å sitje saman med turvenner å nyte bålet og vinterlandskapet. Men ta omsyn til naturen og etterlat den like fin som før, seier Ellingsæter frå Friluftsrådet.

Stor innsats frå frivillige

Mange dyktige frivillige har gjort ein fantastisk jobb med å legge til rette for at nettopp du kan komme deg ut på tur. Dei har hengt opp Stikk UT!-skilta, kodeklistremerka og laga turomtalar.

– Løypemannskap køyrer opp skiløyper gjennom heile sesongen og brukar mykje tid og drivstoff for å legge til rette for oss skigåarar. Vipps gjerne til dei idrettslaga som står for trakkinga i ditt område om du har mulighet til det.

Stikk UT! Vinter varer heilt fram til 22. april 2025. Friluftsråda og skikrinsen ønsker alle god tur!

Sjå nyttig informasjon om tur og friluftsliv 

Tips til mat på tur

Mat på tur kan gjerne vere målet med turen, og det finnast mykje forskjelleg og spennande mat ein kan laga på tur. På turmat.no finn du tips til turen, oppskriftar på spennande turmat og historiar om folk og mat frå store delar av verda.  

Pågåande prosjekt

Kartlegging av friluftslivets ferdselsårar

Ålesund kommune skal i løpet av 2024 kartlegge viktige ferdselsårer for friluftslivet. Dette er første fase i arbeidet med med å utarbeide en plan for friluftslivets ferdselsårar.

Miljødirektoratet har utvikla ein veiledar som kommuna nyttar i arbeidet. 

Ansvarleg for tenesta