Kort fortalt:
- Du må søkje om løyve for å felle eller beskjere tre på kommunal grunn.
- Ulovleg felling eller beskjering kan føre til krav om erstatning eller gjenplanting.
- Gjeld saka tre på privat eigedom, må ho løysast mellom grunneigarane etter nabolova.
Når må du søke?
Denne sida gjeld tre på kommunale areal.
Dersom du er nabo til tre på kommunal grunn som du meiner er til skade eller ulempe, kan du søkje om å få trea felte eller beskorne.
Det er ikkje tillate å felle eller beskjere tre på kommunale areal utan løyve frå kommunen. Ulovleg felling kan bli meldt til politiet. Kommunen kan òg krevje gjenplanting eller erstatning.
Har du spørsmål om tre på privat eigedom, må du ta kontakt med grunneigaren. Dersom de ikkje blir einige, kan du finne rettleiing i nabolova.
Slik søker du
- Fyll ut søknadsskjemaet
Fyll ut og send inn søknadsskjema for hogst og rydding på kommunal grunn. For at vi skal kunne behandle søknaden raskt, er det viktig at opplysningane er så fullstendige som mogleg.
Søk om hogst og rydding på kommunal grunn
- Marker området på kart
Legg ved eit kart som viser kva tre eller vegetasjon søknaden gjeld. Du kan hente kart frå GeoInnsyn og markere trea eller området du ønskjer å få fjerna eller beskore.
Du kan også legge ved bilete. Gode bilete kan i nokre tilfelle erstatte synfaring og bidra til raskare behandling av saka.
- Varsle naboene
Før du sender inn søknaden, må du varsle naboar som grensar til det aktuelle området. I søknaden skal du oppgi namn og adresse til dei berørte naboane, og om dei støttar eller er ueinige i søknaden.
Bruk nabolisten til søknad om hogst og rydding (DOCX, 8 kB).
Korleis vurderer vi søknaden?
Gjeldande lovverk som vil ligge til grunn er nabolova, plan- og bygningslova og naturmangfoldlova. I tillegg kjem estetiske vurderingar og ei vurdering av trea si betydning for nærområdet.
Felling av tre kan vere aktuelt
- ved akutt fare for skade på person eller eigedom på grunn av treets tilstand eller plassering.
- når dei kastar skugge på store deler av hagen, terrassen eller balkongen, eller er årsak til lite lys i huset. Ettermiddagssola blir vanlegvis sett på som viktigast.
- når dei har mista sin funksjon eller estetiske verdi på grunn av skade, sjukdom eller liknande.
Felling av tre er ikkje aktuelt
- for å oppnå betre utsikt frå enkelte tomter.
- for å minske nedfall av lauv og nåler.
- dersom grunnen for søknaden er at det ikkje har vore tre i friområdet ved innflytting, og trea har blitt større i denne tida.
- dersom dei kastar berre skugge på mindre delar av eigedommen eller berre få timar om dagen.
Når får du svar?
Du får svar innan to månader. Vi tar kontakt med deg dersom vi treng meir informasjon eller det er behov for ei synfaring.
Avgjersler som blir fatta er ikkje eit enkeltvedtak, og kan dermed ikkje påklagast etter forvaltningslova.
Når kan trea fellast og kven utfører det?
Tiltaket må utførast utanfor hekkesesongen for fugl. Det blir difor normalt ikkje gitt løyve til å felle tre i perioden 1. april til 15. juli.
Tiltak i kommunal regi blir i hovudsak iverksett i løpet av hausten/vinteren.
I svarbrevet vil det gå fram korleis tiltaket skal gjennomførast – vanlegvis på ein av desse måtane:
- Vanlegvis får du sjølv felle trea og behalde veden, og må rydde området.
- Den som utfører jobben må ha nødvendig kompetanse og utstyr, og dette skjer på eige ansvar for seg sjølv og omgivingane.
- I nokre tilfelle ønsker vi i kommunen likevel å utføre arbeidet, for eksempel med omsyn til sikkerheita eller dersom det er behov for ei fagmessig skjering av trea.
- For område som kommunen drifter, slik som parkar, leikeplassar og balløkker, er det vi som skal felle og rydde.
Kostnader
Det er du som søker som må dekke kostnadane for tiltaket, så framt ikkje anna blir avtalt. Dersom du ikkje rydder slik som det er krav om, må du også dekke kommunen sine kostnader.
I nokre tilfelle dekker kommunen kostnadane med trefelling, for eksempel når tre må fellast av sikkerheitsmessige omsyn.
Meld frå om feil og manglar
Meld fra om tre på kommunal grunn du meiner er i vegen eller til fare.
Dersom treet utgjer umiddelbar fare, oppmodar vi om at du tar kontakt med naudetatene på telefon 110.
Nyttige linkar: