Volsdalsberga er eit offentleg tilgjengeleg friområde langs Borgundfjorden i Ålesund kommune.
Friområdet er lokalisert i kommunedel Nørvøy, mot Borgundfjorden. Her ifrå kan du sjå mot holmane Hundsvær og Tyskholmen, Sula kommune og inn over Sunnmørsalpane.
Tilbod og fasilitetar
Friområdet har to badestrender, som i gamle dagar blei kalla «Jentavika» og «Gutavika» ettersom desse to bada kvar for seg den gongen. I «Jentavika» er det i dag ein rampe som er tilrettelagd for rullestolbrukarar og andre som har behov for dette, og i begge strendene er det laga bølgebrytarar. Langs berga finns det to stupebrett og eit stupetårn.
Sjekk kvaliteten på badevatnet!.
Av tilrettelagde aktivitetar er det sandvolleyballbane og diskgolf. For meir informasjon om diskgolf på Volsdalsberga og andre banar i området, sjå Ålesund diskgolf på Facebook eller bruk appen UDisc. Kiosken på campingplassen leiar ut diskar til diskgolf.
Midt i friområdet er det to friluftstoalett. Det eine er universelt utforma.
Inn mot friområdet ligg også Volsdalen camping med moglegheit for overnatting. Her er også kiosk.
Telting er tillat i friområdet i samsvar med allemannsretten i Friluftslova.
Rundt omkring i friområdet er det fleire benkar langsmed turvegen, samt piknikbenkar der ein kan nyte medbrakt mat. Det er ikkje faste grillplassar i dette friområdet.
Korleis komme dit?
Friområdet ligg 3,2 km frå Ålesund sentrum, og det er mogleg å gå frå vest til friområdet via Ysteneset, deretter over gangbru til Sunnmørshallen og Color Line-stadion til Volsdalsberga. Det er til saman tre bruer over Ålesundsvegen E136 som ein kan bruke for å kome seg til friområdet.
Det er mange busstopp nær friområdet. Næraste busstopp er «Hellandbakken» i aust, eller «Volsdalen skole» og «Øfstisvingen» busstopp lengre vest.
Same tilkomstar er også godt tilrettelagd for sykling.
Det er asfaltert parkeringsplass tilhøyrande friområdet langs Sjømannsvegen, like ved brua i aust, med same innkøyring som Volsdalen camping.
I friområdet er det ein sentral turveg som startar ved parkeringsplassen og endar opp i vestenden av friområdet. Vegen er godt opparbeida med grusdekke. I vestenden kan ein velje om ein vil returnere same veg tilbake, eller gå ein rundtur via Sjømannsvegen.
Inne i friområdet, ved «Gutavika», kan ein også velje å ta ein avstikkar austover gjennom eit naturområde, og kome ut ved Nørvevika. Denne er ikkje tilrettelagd, men er eit tråkk gjennom skog og over berg.
Andre turmål i området:
- Frå Volsdalsberga kan ein gå vidare tur vestover langs sjøsida, til Volsdalsneset, gjerne via Stolpevika, Skrivaren og Kjerringodden, og kome tilbake til Volsdalsvågen båthavn ved Sunnmørshallen.
- Langs Sjømannsvegen, aust for Color Line stadion ligg Volsdalshaugen. Her er det turveg gjennom friområdet, med moglegheit for å trene på tilrettelagde trimapparat i sør.
Området Volsdalen er rik på historie om gardsbruk. Det er funne flintrestar ved Stolpevika på Volsdalsberga som vitnar om busettingar som er 4000 år gamle. Mykje av Volsdalen høyrde til slekta Voldsdal. Også sørlege halvdel av Volsdalsberga tilhøyrde denne slekta, der mellom anna Volsdalsberga friområde ligg i dag.
Før i tida blei Volsdalsberga brukt som beitemark for kyr, og her stod sommarfjøs. Det voks ikkje tre her før det blei planta av elevar ved skulane i etterkant av bybrannen. Der bustadområdet «Fri sikt» ligg i dag var det også tørkeplass for klippfisk.
Under krigen etablerte tyskarane bunkerar frå Volsdalen og utover, og brukte området til anleggsområde. Denne aktiviteten satt stoppar for seterdrifta. I 50-åra regulerte kommunen området til industriområde, noko som endra området drastisk frå gardsdrift til bustad og industri. Kommunen kjøpte deretter store delar av Volsdalsberga i forbindelse med etablering av slakteri og Volsdalen skule, og seinare vart det busetting. Sidan den gong har friområda slik vi kjenner dei i dag bestått som rekreasjonsområde.
I friområdet er det skogområde med furu i nord mot campingplassen, og hovudsakeleg bjørk langs svaberga og i skogen mot Nørvevika. Det er også innslag av uønska framandartar som platanlønn, mispelartar og nokre furuartar.
Heile Borgundfjorden er eit regionalt viktig gytefelt for torsk.