Prestefjøra

Prestefjøra er eit idyllisk område på Sjøholt. 

Hit kjem både barnehagane, skuleklassar, tenåringar og barnefamiliar for å bade og stupe, for å padle seg ein tur, for å grille og for å møtast. 

Fjøra er lang, så her kan ein anten vere sosial, eller finne ein roleg plass for seg sjølv. Her er småkrabbar og her kan du fiske frå Oseberget. 

Sjekk kvaliteten på badevatnet!.

Ved sidan av fjøra er det ein liten, men særs innhaldsrik skog: Spanande stiar, gamle bunkersar frå krigen, mykje blåbær og perfekte gøymestadar for leik og moro! Og går du øvst og ytst står der ein benk så stillferdig til. Der kan ein sette seg ned og nyte utsikta som går rett ut den vakre Storfjorden.

Like ved Prestefjøra kan du nyte dampande finsk sauna i “Heitestua” før du tek deg ein forfriskande dukkert i sjøen.