Mauren ved Taftasundbrua

Mauren ved Taftasundbrua i Skodje er eit statleg sikra friluftsområde, her er fint å fiske, bade og gå tur.  Dette er ein badeplass for naturistar. 

Området har ei opa mark som er eigna til telting og skog. Det er flotte svaberg å fiske frå i Taftasundet. Eit område ved sjøen er naturiststrand.

Tilrettelagt med parkeringsplass og toalett.

Korleis kjem eg dit? 

Mauren ligg på den nordlige delen av Ellingsøya, mot Ellingsøyfjorden. Parkeringsplassen ligg ca. 400 meter aust frå brua over Taftsundet. Herfrå er det sti om lag 100 meter sørover gjennom eit skogholt.

Frå busshaldeplassen er det ca 150 meter til stranda.