Emblemssanden

Emblemssanden er ein mykje brukt badeplass og eit fint turområde. 

Emblemssanden er eit naturskjønt friområde i bygda Emblem i kommunedel Indre Borgund. Som ein av få tilrettelagde offentlege friområde i kommunedelen er dette eit viktig og godt brukt friområde for mange. Friområdet er ein mykje brukt badeplass i dei indre bydelane i Ålesund.

Storelva frå Emblemsfjellet skil friområdet i to med ei bru som bind dei saman. I vestleg friområde finn ein badeområde med sand og plen, svaberg og aktivitetsområde, mens det i austleg friområde er skog og svaberg fram til bustadområdet Løvika.  

Friområdet er sørvendt og lunt. Området er populært for strandliv, bading, strandvolleyball, telting, arrangement og St. Hans-feiring. Det er også gode forhold for å klatre på bergveggar, dykke, fiske, utfart for kajakk og kano, og å ha piknik på ein av rasteplassane. Det er også ein læringsarena for skule og barnehage.

Emblemssanden friområde forvaltast av Ålesund kommune.

Sjekk kvaliteten på badevatnet!.

Tilbod og fasilitetar

I vest ligg den mest populære marka og stranda for soling og bading. Her finns det rasteplassar med grill og bålplass.

Langs turvegen finn du ein bergvegg på nordsida der ein kan klatre. Lengre inne er det ein huk med rasteplassar og utplasserte grillar og bålplassar, gapahuk, fire strandvolleyballbaner, og open mark der det blir arrangert St. Hans-feiring med tilhøyrande bål. 

I søraustleg del er eit stort skogområde og berg der det er fint å både gå, leike og bade.

Ved den vesle parkeringsplassen nærast friområdet er det sanitæranlegg og renovasjonspunkt.

Telting er tillat i friområdet i samsvar med allemannsretten i Friluftslova.

Friområdet er delvis lagt til rette for brukarar av elektrisk rullestol. Sjå meir informasjon på Norgeskart.no, temakart tilgjengelegheit.

Korleis kome dit? 

Du kan komme til Emblemsanden med bil, til fots og med sykkel på eigne gang- og sykkelvegar. Nærmaste busstopp er «Emblemsvåg» på R60 og «Ludvigdalen» på Flisnes. Det er tilkomst via turvegar frå bustadområda.