I parken finn ein også flotte benker, grøne soner og starten på trappene som tek deg til toppen av byfjellet.
Leikeplass
Leikeplassen i Byparken er eit spennande tilbod til dei mellom 1 og 15 år. Her er det enkle apparat for dei minste, tradisjonelle og populære apparat, komplekse apparat som byr på større utfordringar og meir spenning for dei eldre.
Historie
Byparken i Ålesund vart laga til på vestsida av fjellet Aksla i 1885 av Ålesund kommune. Ein gartnar planlagde parken etter modell av den tids moderne parkar, som tok utgangspunkt i områdets’ topografi. Den delen av Byparken som vender ut mot gata vart laga til i 1921-23. I parken finst det flotte tre og vekstar, og her går også den berømte trappa med 418 trappetrinn opp til Byfjellet Aksla.
I parken står det to statuar av historiske personar med tilknyting til Ålesund. Den eine er av Keiser Wilhelm II av Tyskland, som takk for hans hjelp etter Bybrannen i 1904. Den andre statuen er av vikingen Gonge-Rolf, også kjend som Rollo. Han skal ha vore frå øya Giske utanfor Ålesund, og drog til Frankrike i 911 der han grunnla Normandie. Han er stamfaren til Wilhelm Erobreren, som erobra England i 1066, og såleis også stamfar til det engelske kongehuset.
Til minne om erobringa av Normandie i 911 fekk Ålesund i 1911 den 2,65 meter høge bronsestatuen av Gonge-Rolf frå byen Rouen, i samband med 1000 års festen for erobringa. Det finst i dag tre kjende statuar i full storleik i friluft i verda av denne staute vikingen. Originalen står i Rouen, og det to kopiane finst altså i Byparken i Ålesund og i Fargo i USA.
Ball- og leikeplassar
Det er ofte leikeplassar, ballbingar og ballfelt ved skulane. Desse kan som regel brukast av alle utanom skuletida.
Sjå oversikta over skolar