Aksla

På byfjellet Aksla, som er eit flott turområde, er det mange plassar for ulike aktivitetar. 

Det er mange stier og veger på Aksla, som leder til fleire spennende områder. På heile byfjellet er det mange spor frå 2. verdskrig, då tyskarane bygde forsvarsverk her.  

  • Ved Fjellstua står den flotte statuen av fjellpioneren Kristoffer Randers. Like bak ligger utsiktspunktet Kniven. 
  • Utsiktstårnet Rundskue ligg på Akslas høgaste punkt.
  • Området Dammane er fint tillaga. Desse ligg ved vegen mot Fjellstua. Det er Aksla Vel som held vedlike området. 
    • Ved Dam1 er det botcha-bane. 
    • Ved Dam2 (Akslatunet) er det ein stor gapahuk og tilrettelagt for sosial samankomst og grilling. Der finn du også eit enkelt toalett og trimpark. Alt til fri bruk. På dette området er det ei mark, eit lite vatn - og fantastisk utsikt utover Sunnmørsalpane, Borgundfjorden og byen. 

      På dagtid tysdagar kan ein delta på Naturmøteplassen på Akslatunet. 
  • Det er fleire gapahuker på byfjellet Aksla: 
    • Gapahuk ved Fjellstua
    • Grindløer på Akslatundet, Dam2
    • Gapahuk ved Lilletoppen, som ligg omlag midt på strekninga Kråmyra og Fagerlia.
  • Hundemarka er eit område kor hundar kan ferdast utan band. Denne ligg ved Fagerlia. 

Korleis kjem eg dit? 

Det er fleire vegar til Aksla: 

  • Frå bysentrum kan du gå opp dei berømte trappene med 418 trinn til Fjellstua frå byparken.  Undervegs er det rikeleg med benker og kvileplassar, og høgt oppe er Byrampen som eit spektakulært utsiktspunkt. 
  • Borgernes veg er ein sti “bakom fjellet” som går mellom byparken og Gangstøvika. Denne kan brukast til ein rundtur med eine vegen over fjellet. Stien Siemskleiva "Siemen" går mellom Borgarnes veg og Aksla stadion. Merk at det er fare for steinsprang langs Borgarnes veg. 
  • Vannspringdalen er ei bratt bygate like ved Bybadet som du kan følge opp til stiar som tek deg til Dammane.
  • I Volsdalen kan du følge bilvegen opp til byfjellet, eller stiar frå busshaldeplassen. Det er nokre parkeringsplassar ved Aksla stadion. 
  • Frå øst startar ein sti ved Fagerlia barnehage. 

Merk at det ikkje er tillatt å kjøre til Fjellstua. 

Deler av turvegnettet på Aksla kan nyttast med rullestol og med sykkel. 

Sjå turforslag på morotur.no

Fare for steinsprang

Aksla er kartlagt som eit område med fare for ras/steinsprang.  I juli 2025 var det steinsprang ned på gangstien ved siden av byparken. Ein rapport for 2017 har kartlagt fara for skredfare og ras i Ålesund.  Rapport for skredfarekartlegging i Ålesund fra 2017


Danger rockfalls

Aksla has been mapped as an area with a risk of landslides/rockfalls. A 2017 report has mapped the risk of landslides and rockfalls in Ålesund.