Fritidsfiske

Fritidsfiske er ein av dei viktigaste og mest utbreidde friluftsaktivitetane i Noreg. Før du legg ut på fisketur må du sjekke kvar det er lov å fiske.

Omlag halvparten av den vaksne befolkninga fiskar ein eller fleire gonger i året.

Du kan fiske med:

  • Handsnøre, fiskestong og éin maskindriven juksa eller dorg.
  • Garn med samla lengde på inntil 210 meter.
  • Liner med opptil 300 anglar.
  • Inntil 20 teiner eller ruser.

Kvar enkelt fritidsfiskar kan kombinere desse reiskapstypane i den mengda som er oppgitt. Men dersom det er to eller fleire fritidsfiskarar om bord i eit fartøy, gjeld reiskapsbegrensninga per fartøy og ikkje per person.

Utanlandske statsborgarar som ikkje har fast bustad i Noreg har lov til å drive sportsfiske med handreiskap, men dei kan ikkje selje fangsten.

Kvar kan eg fiske i Ålesund?

Torskefiske i fjordane

Frå slutten av februar og ut i april månad er det torskefiske i fjordane.  

  • Borgundfjorden rett ved Ålesund sentrum
  • Hessafjorden

Fiske i innlandsvatn

  • Emblemsfjellet: Det er fisk i dei fleste vatna på Emblemsfjellet. Merk at det er fiskeforbod i Strokevatnet og Haugstølsvatnet.
  • Lillevatnet og Brusdalsvatnet: Fiskekort er å få kjøpt hjå Sport 1 Spjelkavik. Dagskort kr 30. Årskort kr 250. Må betale depositum på kr 150, som ein får igjen når fiskekortet vert levert tilbake. Fiskekort og depositum må betalast kontant. 

Elvefiske

Elvefiske vil all hovudsak krevje at det blir løyst fiskekort hos dei lokale elveeigarlaga eller tilknytta grunneigarar. Fisketidene må sjåast på som retningsgjevande. Riktig informasjon får du hjå grunneigarar og elveeigarlag. Hugs statleg fiskeriavgift i tillegg.

Elvar med fisketider og grunneigarlag
Elv Fisketid Kommentar Elveeigarlag
Tennfjordelva Laks: 01.06-15.08 Sjøaure: 01.07-15.08 Døgnkvote per fiskar: 2 laks. Døgnkvote per fiskar: 1 sjøaure Tennfjord elveeigarlag
Ørskogelva Laks: 01.07–31.07 Ørskog elveeigarlag
Brusdalsvassdraget Laks: 15.06–15.07 Sjøaure: 15.06–15.07 Brusdalsvassdraget grunneigarlag
Slyngstadelva Laks: 15.06–15.07 Sjøaure: 15.06–15.07 Slyngstadelva grunneigarlag
Solnørelva Laks: 15.06–15.08 Døgnkvote per fiskar: 1 laks. Sesongkvote per fiskar: 5 laks. Midtsesongsevaluering med førehandsavtalte tiltak. Skodje jeger- og fiskeforening
Hildreelva Laks: 15.06–15.08 Sjøaure: 15.06–15.08 Døgnkvote per fiskar: 2 sjøaure. Fiskekort kjøpast i postkasse ved elva. Hildre og Myren grunneigarlag
Vatneelva Laks: 15.06–31.07 Sjøaure: 15.06–31.08 Fiskekort kjøpast på Joker Vatne. Vatnevassdraget grunneigarlag

Barn og unge

Fisking er kjekt for alle i alle aldrar. Barn og unge under 16 år har rett til gratis fiskekort for fiske etter innlandsfisk, som i Brusdalsvatnet eller på Emblemsfjellet i perioden frå 1. januar til 20. august. Nokre unntak er det og det gjeld elvar som har laks, sjøaure og sjørøye.

Barn og unge under 16 år treng heller ikkje betale den statlege fiskaravgifta (18 års aldersgrense).

Innlandsfiske

Retten til å fiske etter innlandsfisk som laks, aure og sjøaure i vassdrag tilhøyrer grunneigar. Det betyr at ein anten må kjøpe fiskekort eller ha løyve frå grunneigar for å kunne fiske. I tillegg må det årleg betalast ei statleg fiskaravgift.

Det skal løysast fiskaravgift for fiske etter laks, aure, sjøaure i tillegg til at ein må ha fiskekort eller løyve frå rettshavar til å fiske.

Fiskaravgift

Skal du fiske etter laks, aure, sjøaure eller sjørøye i vassdrag eller med fastståande reiskap i sjøen, må du betale den statlege fiskaravgifta.

Barn og ungdom under 16 år skal ikkje betale fiskaravgift.

Miljødirektoratet har oppdaterte prisar og meir informasjon om betaling av fiskaravgifta

Lover, reglar og forvaltning