Friluftsområde tilrettelagt for personar med funksjonsnedsettelsar Finn informasjon om tilrettelagde stadar for friluftsopplevingar og aktivitetar for personar med nedsett funksjonsevne. FTU-appen Friluftsliv Tilrettelagt for Utviklingshemma (FTU), er eit nasjonalt prosjekt i regi av Den Norske Turistforening. Målet er å få fleire ut på tur. Prosjektet er eit lågterskeltilbod som gjer at personar med nedsett funksjonsevne kan få oppleve glede og sosialt fellesskap i pakt med naturen. FTU-appen er ein tilrettelagt turkalender med tilhøyrande snakkeark som kan brukast av dei utviklingshemma sjølve og deira nærståande. Turleiarane til DNT legg inn og oppdaterer informasjon om turane i ein sentral kalender, og informasjonen blir automatisk tilgjengelig i appen. Appen er utvikla for å gjere det enklare å få oversikt over turane som blir arrangert av dei lokale turistforeiningane. I tillegg legg appen tilrette for betre kommunikasjon og at dei funksjonshemma aktivt kan vere med å bestemme. Last ned FTU-appen fra Google play Last ned FTU-appen fra Appstore Tilrettelagde friluftsområde i Ålesund Friluftsområde i Ålesundregionen tilgjengeleg for funksjonshemma (PDF, 167 kB) I Skodje er dei statleg sikra friluftslivsområda tilrettelagt: Håhjem, statleg sikra friluftslivsområde. Tilrettelagt med parkeringsplass og toalett. Murvika, Skodje sentrum, statleg sikra friluftslivsområde. Tilrettelagt med parkeringsplass og toalett. Mauren v/Taftasundbrua, statleg sikra friluftslivsområde. Tilrettelagt med parkeringsplass og toalett. I tillegg må området rundt Svarteløkvatnet trekkast fram. Her er etablert skogsvegar og løypetrasear som gir mange turvariantar både sommar og vinter. Ansvarleg for tenesta Miljø og samferdsel Sist endra 31.05.2023 12.42