HundehaldÅlesund kommune vil gjere sitt til å fremme eit positivt og ansvarleg hundehald. Hundeeigarar i Ålesund må rette seg etter hundelova i tillegg til lokale forskrifter. Ny forskrift som omfattar heile den nye kommunen er under utarbeiding. Til ho er vedtatt er det forskriftene for kvar av dei tidlegare kommunane som gjeld for sine respektive område: Forskrift om hundehald, Ålesund kommune, Møre og Romsdal. Forskrift om bandtvang for hund, Skodje kommune, Møre og Romsdal Forskrift om bandtvang for hund, Ørskog kommune, Møre og Romsdal Forskrift om bandtvang for hund, Haram kommune, Møre og Romsdal Forskrift om sikring av hund og bandtvang etter hundelova, Sandøy kommune, Møre og Romsdal Sist endra 29.12.2022 15.54