Besøksgard - Borgund Dyreklubb

Borgund Dyreklubb er ein kommunal besøksgard og ein plass for alle som elskar dyr og natur. 

På garden er det hestar, ponniar, sauar, geiter, grisar, kaninar, marsvin, fuglar, kalkunar, høner og ender, chinchilla og kattar. Dyreklubben ligg mellom Ålesund sentrum og Moa, i Borgundgavlen ved Borgund kyrkje og Sunnmøre Museum, nærmaste busstopp er Sunnmøre museum med 5 min gangavstand til gården.

Tilbod og aktivitetar

Borgund Dyreklubb tilbyr fritidsaktivitetar for born og unge på ukedager og helg, ferietilbod og sommarskule og har flotte arrangement for heile familien. På gården er det også alternativ opplæring for grunnskoleelever (5.-10. trinn) og elevar fra VGS, praksisuke og praksisdag for elevar og tiltaksplassar (arbeidspraksis og språkpraksis) for ungdommar og vaksne i samarbeid med Vaksenopplæring, NAV og BRISK.  

Dyreklubben tar gjerne imot grupper på gardsbesøk etter avtale, og tilbyr pedagogisk opplegg med læring om dyr og dyrestell og/eller temadagar for barnehagar, skoleklassar og andre grupper. Det er også mulig å feire bursdagen på garden. Gruppebesøk må bestilles på forhånd. Send en epost til judith.damm@alesund.kommune.no.

Besøkende er velkomne kvar dag kl.12-18. Prisen er kr 20,- p.p. Egne priser for arrangement og pedagogisk opplegg.

Les meir om opplegg, arrangement og prisar for besøk.

Les meir på nettsida til Borgund dyreklubb

Opningstid

Måndag - søndag kl. 12-18.

Adresse

Borgundgavlen 51, 6015 Ålesund

Gratis parkering i området.

Følg gjerne Borgund dyreklubb på Facebook