Tilrettelegge for leik i nærområdet?Kommunen ønsker at innbyggarar som vil bidra til å vedlikehalde leikeplassar får høve til det. Eit rammeverk for samarbeid mellom kommunen og frivillige er vedtatt. Korleis kan du bidra til drift og vedlikehald? Kva gjer rammeverket? Sikrar at ansvar og sikkerheit på leikeplassane er forankra og ivaretatt. Klargjer det offentleg-private samarbeidet knytt til drift og vedlikehald. Legg tilrette for at private initiativ vert likebehandla. Kva type drift og vedlikehald er vanleg? Rydding/plukking av boss. Klipping av gras. Beskjering av tre og busker. Fylle på og lufte støtsand/bark Fjerning av element som ikkje høyrer heime på leikeplassen. Vedlikehald og reingjering av falldekke. Kontroll av leikeplassutstyret. Reparasjon av leikeplassutstyr og gjerder/portar. Vedlikehalde tilkomst og drenering. Korleis kan du bidra til vedlikehaldet? Mange innbyggarar ønskjer å bidra til å skape gode nærmiljø. Det er opning for å bidra med vedlikehald på leikeplassar, men kommunen ønskjer då informasjon om kva som er tenkt gjort. Dette er m.a. for å kunne omdisponere interne ressursar, og for å sikre at det som blir gjort ikkje vil kunne føre til uheldige episodar for brukarane av leikeplassane. Sjå kva for lokale initiativ under som kan passe. Ulike måtar for lokalt initiativ for vedlikehald av leikeplassar Eigenorganisert dugnad - kva kan du gjere? Dersom ein eller fleire innbyggarar ønsker å rydde og stelle til på ein leikeplass, så er det høve til det. Kommunen ønsker informasjon om kva som er tenkt gjort. Rydding/plukking av boss Klipping av gras Planting av blomster Kappe oppslag av nye skudd frå trerøter Fjerne/trimme torvkantar på grus og andre dekker Lufte støtsand Fylle på med støtsand Reparasjon av gjerder og benkar Maling/beising av gjerder og benkar Vedlikehalde andre element, som kan vere relativt ukomplisert å halde ved like Ta kontakt med veg, grønt og anlegg – forvaltningsavdelinga for nærare rettleiing og avtale. Organisert gruppe utan eller med organisasjonsnummer - kva kan de gjere? Organiserte grupper kan inngå forpliktande samarbeid med kommunen. Eit forpliktande samarbeid gir mulegheit til å melde inn behov om økonomisk støtte frå kommunedelsutval eller søke kommunen om tilskotsmiddel. Det forpliktande samarbeidet vil innebere at enkelte oppgåver blir ivaretatt av denne gruppa. Det kan vere oppgåver som: Rydding/plukking av boss Klipping av gras Planting av blomster Kappe oppslag av nye skudd frå trerøter Fjerne/trimme torvkantar på grus og andre dekker Lufte støtsand Fylle på med støtsand Reparasjon av gjerder og benkar Maling/beising av gjerder og benkar Vedlikehalde andre element, som kan vere relativt ukomplisert å halde ved like Det er nødvendig med eit samarbeid med kommunen i høve slik drift, både for at kommunen kan omdisponere interne ressursar, og for å sikre t.d. at rett type sand, blomster og maling vert brukt. Ta kontakt med veg, grønt og anlegg – forvaltningsavdelinga for nærare rettleiing og avtale. Organisert gruppe med organisasjonsnummer - kva kan de gjere? Organiserte grupper med organisasjonsnummer, som velforeiningar, kan inngå forpliktande avtale med kommunen der den organiserte gruppa tek over ansvaret for drift og vedlikehald av ein nærleikeplass eller ein mindre kvartalsleikeplass. Den organiserte gruppa kan då oppgradere leikeplassen innanfor gjeldande lovverk og føresegner, men den får også ansvar for: føresegner og retningslinjer for arealbruk i kommuneplanen jamleg ettersyn og nødvendig vedlikehald, slik at utstyrets sikkerheitseigenskapar blir oppretthaldt, jf. forskrifta for leikeplassutstyr § 16. å ha eit velfungerande internkontrollsystem, jf. internkontrollforskrifta. Dette inneber mellom anna inspeksjon, vedlikehald og kartlegging av risikoforhold. Planane og kontrollen skal dokumenterast og systematiserast. Dersom ei organisert gruppe tek over ansvaret for leikeplassar, inneber det mulegheit for gruppa å melde inn behov om økonomisk støtte frå kommunedelsutvalet og søke om tilskotsmiddel frå kommunen for oppgradering av leikeplassane, men også mulegheit for å søke om tilskotsmiddel frå andre og også inngå sponsoravtalar. Ved at velforeiningar inngår ein slik avtale med kommunen, vil Ålesund kommune dekke kontingent for medlemsskap i Vellenes Fellesorganisasjon med gjeldande ansvarsforsikring. Ta kontakt med veg, grønt og anlegg – forvaltningsavdelinga for nærare rettleiing og avtale. Treng du eit digitalt verktøy for å organisere dugnad? Dersom du ønskjer å arrangere dugnad, kan du nå ut til mange ved å bruke Friskus, som er ein samordningsportal for aktivitetar og frivillige oppdrag i Ålesund kommune. Korleis nytte tilskotsordningar? Kommunedelsutvala får årleg avsett ein sum som dei kan fordele på tiltak dei ønskjer å tilgodesjå. Det er også høve om å søke på kulturmiddel frå kommunen. Kontaktpersonen må kontakte forvaltningsavdelinga i veg, grønt og anlegg i samband med utarbeiding av kva vedlikehald som skal gjerast på leikeplassen, for å sikre at innkjøp av utstyr blir av kvalitetsmessig akseptabelt nivå. Forvaltningsavdelinga skriv eit notat med den faglege vurderinga, som kontaktpersonen må bruke i vidare arbeid med vedlikehald. Behov eller søknad må sendast til Ålesund kommune for vidare handtering. Tilskotsportalen er ei anna mulegheit for å kunne få økonomisk støtte. Ønsker du å bidra? Skriv brev eller e-post med tittel "Dugnad på leikeplass" og med følgande informasjon: Namn på initiativtaker/organisasjon Kva de ønsker å gjere (sjå under "kva kan du gjere") Tidsperiode de ønsker å gjennomføre aktiviteten Send dette til postmottak@alesund.kommune.no eller brev til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Sjå anna informasjon Leikeplass - kva bør du tenkje på? (PDF, 571 kB) Leikeplassutstyr - sikkerheit (PDF, 306 kB) Sjekk av internkontrollen (PDF, 3 MB) Sist endra 24.02.2023 13.03