Bål, grilling og brenning av hageavfall

For å hindre større brannar er det eit generelt bålforbod i Noreg i perioden 15. april – 15. september.

Kort fortalt

  • Følg reglane for når og kvar du kan brenne bål!
  • I Noreg er det generelt bålforbod frå 15. april til 15. september.
  • Du har ikkje lov å brenne søppel nokon stad.
  • Alle sankthansbål (av noko størrelse) må meldast inn til brannvesenet.

Her kan du grille når det er bålforbod

Du kan grille så lenge du ikkje utset andre for røykforureining og det openbert ikkje er fare for brann. Før du fyrer opp grillen bør du sjekke om det er reglar for eksempel frå grunneigar, burettslag og sameigelag, skilt i parkar eller liknande, som seier noko om kva som er lov å gjere. 

Eksempel på dette kan vere:

  • private hagar, burettslag og sameigelag,
  • byparkar
  • strandområde som ikkje er i nærleiken av skog eller annan vegetasjon
  • friluftsområde nær bygningar

Grillar alle kan bruke  

Felles grillar finst på dei største badestrendene i Ålesund. Du tar sjølv med grillkol og tennvæske, og ryddar opp etter deg på grillplassen.

Eingongsgrill og grilling i parkar

Vi oppfordrar til å ikkje bruke eingongsgrillar, som medverkar til mykje unødig avfall, utgjer brannfare og set merker i naturen. På dei største badestrendene i Ålesund er det likevel eigne brannsikre konteinarar for brukte eingongsgrillar.

Dette må du passe på:

  • Sette grillen på eit brannsikkert underlag. Sett aldri grillen rett på bakken.
  • Sikre god avstand til anna brennbart materiale.
  • Halde oppsyn med grillen heile tida.
  • Sløkke grillen med rikeleg med vatn.
  • Kaste grillen i eigna grillkonteinar, og ikkje i en avfallsbehaldar. Ein eingongsgrill kan innehalde glør og varme i opptil 24 timar etter bruk, sjølv om du har forsøkt å sløkke han med vatn.

Primus og kokeapparat

Bruk av primus og kokeapparat kan nyttast i dei tilfella der det openbert ikkje er fare for at det kan oppstå brann. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdere om det er forsvarleg å bruke primus og kokeapparat.

Når det er høg skogbrannfare

I periodar med høg skogbrannfare, anbefalar vi at du ikkje tenner bål eller grillar i skog og utmark, inkludert på dei godkjende bålplassane. Ein god hugseregel, i tillegg til å bruke sunn fornuft, er alltid å sjekke skogbrannindeksen hos Meteorologisk institutt før du skal på tur.

Når kan du brenne bål?

Du kan lage bål medan det generelle bålforbodet gjeld (perioden 15.april – 15.september) dersom det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Eksempel på unntaksregel kan vere etter ein lengre periode med mykje nedbør, at du er på eit større område med vegetasjon som ikkje kan brenne, eller at du er på eit snødekt område i skogen tidleg på våren.

Forbodet kan likevel ikkje fråvikast der det allereie er fatta eit vedtak frå grunneigar om at det er forbode å gjere opp eld eller grille på området.

Utover dette er det eit generelt forbod mot bål i skog og mark.

Søk om dispensasjon fra bålforbodet 

Forskrift om brannforebygging

Sankthansbål  

Skal du tenne sankthansbål/jonsokbål? Då skal dette registrerast hos Ålesund brannvesen.  

Fristen for å melde frå om slikt bål er 20. juni.

Meld frå om sankthansbål/jonsokbål

Les skjemaet nøye og hugs at den som tenner bålet har det heile og fulle ansvaret for at dette skjer på ein forsvarleg måte, slik at det ikkje oppstår brann eller skade på omgivnadane, jf. brann og eksplosjonsvernlova § 5.

Gode råd for bygging og brenning av sankthansbål

  • Området skal vere ryddig og bålet skal ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale (100 meter).
  • Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff kan lett ta fyr og kan smelte under sterk varme.
  • Ta omsyn til naboar. Røyken verkar irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som blir eksponert.
  • Er bålet høgt, bør det kveikast på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
  • Store bål gir sterk strålevarme og er dermed ikkje eigna til å grille på. Ha gjerne ein grill ved sidan av, eller lag eit mindre bål i tillegg til sankthansbålet/jonsokbålet.
  • Oske og glør som ikkje er sløkt skikkeleg kan flyge av garde med vinden og sette fyr på hus og skog. Forlat difor aldri bål som ikkje er sløkt 100 prosent.

Brenning av hageavfall og bråtebrenning  

I Ålesund er det ikkje lov å brenne hageavfall eller anna avfall. Slik brenning fører til dårleg luft og helseproblem for folk med luftvegsplager, barn, eldre, gravide og andre.

Lover, reglar og meir informasjon