Det er arrangør som er ansvarleg for tryggleik og beredskap under eit arrangement. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har laga rettleiaren Rettleier for tryggleik ved store arrangement som vi oppmodar alle arrangørar til å setje seg godt inn i. Uavhengig av storleiken og arten til arrangementet tilrår vi også at det blir ein risiko- og sårbarheitsanalyse gjennomført (ROS) for arrangementet og at det blir utarbeidd ein beredskapsplan.
Søk eller meld frå om arrangement på offentleg sted
Skal du gjennomføre eit arrangement på offentleg stad eller arten eller storleiken på arrangementet gjer det sannsynleg at politioppsyn blir nødvendig, må du søkje/melde frå til politiet i god tid før arrangementet skal finne stad. Dette er eit krav som politilova stiller til deg som skal arrangere.
Politivedtektene i kommunen angir om arrangementet ditt er søknadspliktig eller meldepliktig. For meldepliktige arrangement er fristen for å melde frå seinast to veker før start, og for søknadspliktige arrangement seinast fire veker før. Ved markeringar skal du snarast mogleg melde frå til Politiet.
Politiet kan setje vilkår for gjennomføringa av arrangementet dersom dei reknar det nødvendig og vil då ta kontakt. Dette kan gjelde forhold som tid og stad, vakthald, utarbeiding av ROS-analyse osb. Dersom du ønskjer å arrangere eit demonstrasjonstog skal politiet godkjenne traseen og informasjon om ruta må derfor leggjast ved.
Få meir informasjon og søk/meld frå til Møre og Romsdal politidistrikt
Meld frå om arrangement på ein stad som normalt ikkje blir brukt til formålet
Planlegg du eit arrangement i eit bygg eller på eit område som normalt ikkje blir brukt til den typen aktivitet, må du sende melding til Ålesund brannvesen. Dette er krav som brann- og eksplosjonslovgivinga stiller til deg som skal arrangere.
Sjå kva som blir krevd av Ålesund brannvesen og korleis melde frå
Det er viktig at du melder frå i god tid før arrangementet skal finne stad og seinast fire veker i førevegen ved større arrangement. Dersom du er usikker på om du må melde frå blir det tilrådd å kontakte forvaltar for å få avklart om staden er regulert for aktiviteten du planlegg.
Meldinga skal opplyse om tidspunkt og tema for arrangementet, storleik, adresse og namn på den som er ansvarleg.
Meld frå om overnatting
Skal de ha overnatting i samband med arrangementet i lokale som ikke er bygd for det, må de melde frå til brannvesenet.
Større arrangement som inneber overnatting på bygg som ikkje er bygd som overnattingslokale (t.d. skular, barnehagar, klubbhus, bedehus og kyrkjer og liknande), skal meldast inn til brannvesenet.
Innmelding er til informasjon for brannvesenet, og det blir ikkje gitt svar i form av godkjenning eller avslag.
Brannvesenet ønskjer å bevisstgjere alle involverte om behovet for brannførebyggjande tiltak, og treng vite kva som kan møte dei viss uhellet er ute.
Les meir om melding om overnatting på Ålesund brannvesen si nettside
Meld frå om overnatting