Trafikkavvikling
Arrangement ute i det offentlege rommet kan medføre behov for å regulere trafikk og parkering i kommunen, det er også i nokre tilfelle behov for å kunne mellombels stenge vegar.
Søk om løyve til å nytte/stenge kommunal veg og gate
Sjekk i kartet kva vegar som er fylkeskommunale, kommunale eller private.
Ved slike behov må arrangør utarbeide ein plan for gjennomføring og skilting. Kontakt fagpersonane våre på veg i god tid før arrangementet.
Plassering av stand og utstyr må ikkje vere til hinder for ferdsel på fortaau. I gågaten må standsbukk/bord plasserast innanfor gågateson på ein slik måte at det ikkje er til hinder for gåande. Det skal heller ikkje plasserast framfor inngangsparti til forretningar, eller vere til hinder for kundar som skal inn og ut.
Transport
Vurder om arrangementet ditt vil påverke området. Informer besøkande om transportløysingar og parkeringsmoglegheiter. Ålesund kommune oppmodar til bruk av kollektivtransport, gange og sykkel. Om mange kjem med bil, informer om parkeringsmoglegheiter i området.
Om du treng spesialtransport inn til arrangementet eller riggplass, må dette avtalast med kommunen.
Straum
Start med å kartleggje straumbehovet for arrangementet ditt, og sjekk tilgjengelege straumuttak og kapasiteten på det området eller lokala du ønskjer å leige.
Dersom arrangementet krev ekstra tilpassingar, er det arrangøren som må dekkje kostnadene for dette.
Utgifter for straumforbruket må arrangør betale. Ålesund kommune sin sats (pris per 2025) for strømuttak per dag (maks 10 A) er kr 22,- Strømforbruk utover dette blir ganget opp (sjå betalingsregulativ for leige av kommunal grunn og torgleige m.v.).
Toaletter
Viss behovet for toalett er større enn det som finst på området, er arrangøren ansvarleg for å leige og setje opp mobile toalett. Hugs å sørgje for at talet på toalett er tilpassa talet på deltakarar og at dei er lett tilgjengelege gjennom heile arrangementet.
Reinhald
Arrangør er sjølv ansvarleg for avfallshandteringa ved arrangementet.
Det må sørgast for opprydding/reinhald etter enda arrangement. Offentlege avfallsstativ må ikkje nyttast til dette formålet. Alt utstyr må fjernast. Leigetakar må sørge for levering av avfall til godkjent mottak.
Arrangement ved sjø og kai
Arrangement som finn stad på sjøen, i hamnebassenget eller som nyttar seg av nokre av kaiområda i kommunen, kan også vere søknadspliktige. Kontakt Ålesundregionens havnevesen.
Ved bruk av lekter, flåte, eller liknande må det saman med søknaden sendast ein situasjonsplan som viser korleis arrangementet er tenkt gjennomført. Tryggleik må spesielt varetakast, f. eks. tiltak for sikre at personar ikkje fell i sjøen, og at redningsutstyr er lett tilgjengeleg.