Det øvste informasjonsansvaret i Ålesund kommune ligg hos ordførar og kommunedirektør.
Politiske kommentarar og vurderingar blir gitt av politisk nivå, medan kommunedirektøren uttaler seg i overordna, administrative saker. Med kommunedirektør siktar ein her til kommunedirektørens leiargruppe (kommunedirektør, assisterande kommunedirektør, kommunalsjefar og assisterande kommunalsjefar).
Journalistar må gjerne ta direkte kontakt med leiarar og andre tilsette i Ålesund kommune.
Kommunikasjon hjelper deg å formidla kontakt ved behov.
Pressebilde
I bildebanken vår finn du bilde av ordførar, kommunestyret, leiarar og grafisk profil. Dei er fri bruk mot kreditering.
Ta kontakt om det er bilde som de elles treng frå kommunen.