Skodje barne- og ungdomsskule
Ungdomssteget får elevar frå eige barnetrinn, samt Stette Montessoriskule og Valle barneskule. Skulen består av to bygningar – éi for 1.–7. trinn og éi for 8.–10. trinn. Bygget for barnetrinnet vart opna på nytt etter rehabilitering i 2022, medan ungdomssteget held til i ein bygning frå 1974.
Skuleåret 2025–26 har vi om lag 400 elevar fordelte på to parallellar frå 1.–10. trinn. Vi har 62 tilsette totalt ved skule og SFO.
Skulen har rektor, assisterande rektor, tre avdelingsleiarar, administrativ konsulent og rådgivar.
Skulen er ein mobiltelefonfri skule.
Skuledagen
Start og slutt på skuledagen varierer noko mellom trinna, men er organisert innanfor tidsrommet 08.30 til 14.10.
SFO er open frå 07.15 til 16.30.
Skulen har organiserte matpausar der vi et medbrakt niste. Det er mogleg å bestille drikke frå Tine gjennom skolelyst.no. I tillegg har ungdomssteget eiga kantine som er open kvar dag med sal av Tine-produkter, tre dagar i veka er det i tillegg sal av varmmat.
Helse og velferd
Vi har rådgivar og helsesjukepleiarar.
Skolehelsetenesta.
Skolereglar
Skolereglar for dei kommunale grunnskolane i Ålesund
SFO
SFO-personalet er der for barna og har eit sterkt ønskje om å skape eit triveleg og trygt miljø for dei. Måla våre er vennskap, tryggleik og sosial læring, slik at alle får det fint og kjekt ilag. Dagleg jobbar vi med den sosiale læringa og evna til å kunne vere ilag på ein fin måte.
SFO legg vekt på leiken fordi barna gjennom leiken lærer og utviklar seg på mange område, og fordi personlegdomsutvikling og sosialisering er svært viktige prosessar.
Kontakt
Telefon
Søk etter kontaktinformasjon