Pedagogikk
Nørve barnehage sitt motto er
«Omsorg og læring- ja takk begge deler.»
Vi er opptatt av å skape eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø, og vi vil at dagane skal vere prega av omsorg, leik og læring.
Vi ønsker at barna som går på Nørve barnehage skal oppleve den gode barndommen, og vi meiner den finst i leik, leikande samspel og gode relasjonar.
Barnehagen deltek no i eit utviklingsarbeid der vi har fokus på leikemiljøa våre og korleis vi kan legge til rette for god språkutvikling blant alle barna. Eit gjennomtenkt miljø er viktig for leik, læring, samhandling, opplevingar og for at barna skal få nye erfaringar.
I leiken lærer barn blant anna sosial kompetanse, dei samhandlar med andre, knytte vennskap, løyse konflikter m.m. Dei utviklar språket sitt både verbalt og nonverbalt, og opplev glede og meistring. Difor ser vi det som ei av våre viktigste oppgåver å få alle barna med i leik og samspel saman med andre barn.
Vi jobbar også med å kvalitetssikre kvardagsaktivitetane våre, og har eigne mål og metodar for
- Velkomst/avskjed
- Kvile/soving
- Påkledning
- Samling
- Turar
- Måltid
- Hygiene/stell
- Dokumentasjon og vurdering
- Barn sin medverknad
Det er mykje god læring som skjer i desse situasjonane, og vi ønsker at barn og foreldre skal bli møtt på ein god måte gjennom heile dagen, uavhengig av kven som er på jobb/korleis vi har det.
Vi legger også til rette for barna sine eigne val, sjølvstendig tenking, toleranse og medverknad. I tillegg jobbar vi bevisst og målretta med læring av sosial kompetanse og danning.
Barnehagen har små barnegrupper, og eit stabilt og engasjert personale. Kvart år tek vi imot to lærlingar og studentar frå Høgskulen i Volda. Dette gir oss ekstra hender, men også masse gode tips og idear - og det gir oss faglege oppdateringar.
Nørve barnehage blei resertifisert som miljøfyrtårn i 2025.
Vi er glade i å vere ute i naturen og ønsker at barna skal få gode naturopplevingar, bli glade i naturen og utvikle respekt og forståing for korleis dei tek vare på naturen. Alle "Nørvisar" går på tur frå dei er om lag to år, med eigen sekk med mat og drikke.
Alle avdelingane jobbar også med prosjektarbeid- Gjennom dette arbeidet bruker vi alle fagområda, vi brukar barna sin medverknad samt dreg inn lovverk vi jobbar etter.
Årsplan
Du kan lese meir om kvardagsaktivitetar, sosial kompetanse, danning og leik i årsplanen vår. Der kan du også lese om tradisjonane våre og fagleg opplegg.
Sjå årsplan for Nørve barnehage (PDF, 5 MB)
Avdelingar
Nørve barnehage er inndelt i tre avdelingar. Avdelingane har eige opplegg, og sender kvar månad ut månadsbrev til foresette med info om turar og opplegg.
- Mauren (1- og 2-år): Fokus på kvardagsaktivitane og ein trygg start på livet i barnehage.
- Humla (2-år): Vi blir bedre kjent med “meg sjølv” og mine kjenslar.
- Marihøna (3-6 -år): Fokus på vennskap og sosial kompetanse, samt prosjektet “Forut” om barn andre stadar i verda. Avdelinga har også fleire mindre prosjekt gjennom året.
Førskoleklubb
eige opplegg med symjing på Bybadet, mange turar, kino, byturar, besøk på Atlanterhavsparken og meir. Det skal vere litt ekstra stas å vere eldst i barnehagen.
Barna jobbar også med skuleførebuande aktivitetar knytte til tal, mengd, preposisjonar, bokstavar og liknande, og det er eit mål for oss at dei skal bli mest mogleg sjølvstendig for å meistre overgangen til skulen fint. Men det viktigaste for oss er humor og glede og kjekke opplevingar saman med venner.
Opningstider
Nørve barnehage er open kvar dag frå kl 07.00 til 16.45.
Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaften, samt planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag stenger vi kl. 12.00.
Barnehagen er stengt i tre veker i sommarferien. Sommaren 2026 er vi stengt i vekene 29, 30 og 31.
Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår, mellom 15. juni og 15. august.
Kontakt
Besøksadresse: Bøgata 39
Verksemdsleiar: Marthe Lundemo
Leiar: Elin Ostnes
Telefon:
- Humla: 46 86 48 34
- Marihøna Rød: 46 85 06 94
- Marihøna Blå: 47 88 44 17
- Mauren: 91 11 72 14
- Ulvehiet 46 86 48 34
Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/norve-barnehage
Besøk oss gjerne på Instagram: norvebarnehage