Med allsidig natur på alle kantar, utnytter vi både skog og fjøre på vekentlege turar med barna. Vi har nær tilknyting til Ørskog skule med tilgang til Ørskoghallen like ved og deltar også i Barnehagesvøm hvert år ute på Bybadet med førskolebarna. Biblioteket på Ørskog har vi også lett tilgang til og bruker dette så ofte vi har anledning.
Visjonen vår:
«Å skape ein kvardag prega av tryggleik og trivsel i eit stimulerande miljø for barn, foreldre og personale»
Årøyhaugen barnehage har 4 avdelingar fordelt på små- og storbarnsavdelingar. Årøyhaugen barnehage har 72 plasser til barn i alderen 1-6 år.
Vi er ein av seks barnehagar som til saman utgjer eining Sandøy-Skodje-Ørskog i Ålesund kommune.
Vi tilbyr:
- Eit flott ute- og innemiljø
- Eit engasjert og stabilt personale
- Fokus på godt samspel mellom barn og vaksne
- Fokus på pedagogisk dokumentasjon
- Prosjektarbeid som metode
- Fokus på kompetanseheving og utvikling
- Dagleg opningstid frå 07.00-16.45
- Frukost, lunsj og ettermiddagsmåltid
Årøyhaugen barnehage vert driven etter heimel i Lov om barnehagar. Rammeplan for barnehagen gir føringar for innhaldet og oppgåvene til barnehagen.
Årsplanen vår gir oversikt over den pedagogiske verksemda, samtidig som den beskriv barnehagen sine satsingsområder. Den seier noko om korleis vi er organisert, og korleis vi arbeider med omsorg, leik og læring. Avdelingane presenterer seg nærmare i årsplanen.
Opningstid
Opningstid er måndag - fredag kl 07.00 - 16.45
Kontakt
Besøk: Årøyvegen 12, 6240 Ørskog
Verksemdsleiar: Janne Aamelfot
Telefon
Om avdelinga skal ut på tur, er telefonen med.
Denne nettsida: alesund.kommune.no/aroyhaugen-barnehage