Måltid og ernæring

Måltid og ernæring produserer og leverer ut måltid til fleire tenestestader og til heimebuande, samtidig som dei står for ernæringsretta aktivitetar.

Måltid og ernæring driftar kok-server kjøkkena på Sandøytunet og på Ørskog omsorgssenter, i tillegg til kok-kjøl kjøkkenet, Sentralkjøkkenet, som er lokalisert i same bygg som Spjelkavik omsorgssenter. Felles for alle kjøkkena er at dei har lang driftstid bak seg, og dermed har lang erfaring med utvikling og produksjon av tradisjonsrike, næringsriktige og smakfulle måltid til tenestestader og heimebuande i kommunen. 

Vi er 23 tilsette og har ein dagleg produksjon på ca. 900 porsjoner middag, med tilhøyrande dessert eller suppe. 

Ein god middag er eit av høgdepunkta til bebuarane i løpet av dagen. For å oppfylle forventningane er det mange samspel som må stemme. Det er derfor ekstra viktig  at våre kjøkken med sine dyktige kokkar har fokus på gode oppskrifter og råvarer av god kvalitet, som gir utspring i å nå akkurat denne opplevinga. Måltid og ernæring tilbyr opplæring og arbeidar tett opp mot sluttbrukar for å oppnå optimal servering.  

Måltid og ernæring, har tilsett eigen klinisk ernæringsfysiolog, som sikrar våre oppskrifter og menyar til våre brukargrupper,  vidare bidrar også klinisk ernæringsfysiolog med målretta ernæringsarbeid for kommunen samtidig med intern undervisning. 

  • Rådhuskantina
  • Ålesund rådhus 
  • Mottakskjøkkenet på Skodje omsorgssenter
     

Verksemdsleiar: Anita Margrethe Hole Hofseth

Søk etter kontaktinformasjon