- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Søknaden må skrivast på norsk
- Attestar og vitnemål skal vere omsett til norsk
- Du må gyldig opphalds- og arbeidsløyve
- Du må legge ved godkjenning frå NOKUT på utanlandsk utdanning, sjå www.nokut.no
- Krev stillinga du søker på godkjenning/autorisasjon, må du legge ved denne godkjenninga. Dette gjeld spesielt for helsepersonell. Statens autorisasjonskontor for helsepersonell gir slik godkjenning, sjå www.sak.no.
Alle stillingar i Ålesund kommune blir lyst ut offentleg via Ledige stillingar
Om opphalds- og arbeidsløyve
Borgarar frå nordiske land har automatisk arbeids- og opphaldsløyve.
Borgarar frå EU og EØS-land treng ikkje søkje om opphaldsløyve, men må registrere seg hos politiet dersom dei ynskjer å opphalde seg i Norge i meir enn tre månader.
Borgarar frå andre land i verden: Arbeidssøkarar frå land utanfor EU/EØS må ha eit skriftleg tilbod om arbeid for å få opphaldsløyve i Norge. Vilkåra for å få innvilga opphaldsløyve varierer i forhold til kva type stilling eller yrke det er snakk om. Les meir på UDI si heimeside: http://www.udi.no/
Om godkjenning av kompetanse
Arbeidssøkarar, både norske og utanlandske, som har utdanning frå utlandet, må legge ved ei godkjenning frå NOKUT i søknaden sin.
I enkelte yrke krevast det ein autorisasjon føretatt av ei offentleg myndigheit for at du skal få jobb i Noreg (for eksempel lærar eller sjukepleiar). Statens autorisasjonskontor for helsepersonell er ei eining under Helsedirektoratet og gir slik profesjonsgodkjenning for helsepersonell.