Nyttig informasjon når du søkjer jobb

Vurderer du å søkje jobb hos oss? Så kjekt! På denne sida finn du nyttig informasjon.

Ledige stillingar i Ålesund kommune

Du finn alle ledige stillingar i Ålesund kommune på Webcruiter.

Slik søker du

Jobbsøknadan leverer du digitalt gjennom løysinga Webcruiter og ikkje gjennom papir eller e-post.

Slik brukar du Webrecruiter

Registrere CV 

Du kan registrere CVen din sjølv om det ikkje er ei ledig stilling du vil søkje på akkurat no. Då er du klar når det kjem ei ledig stilling du vil søkje på.  

Vil du ha e-post om relevante stillingar? Logg deg inn i Webcruiter, opprett søk, huk av for "Send e-postvarsling". Neste gong det kjem ei stilling som passar søket ditt, vil du få ein e-post. 

Hugs å laste opp gyldige vitnemål, karakterutskrifter og attestar som vedlegg til CVen din.

Vi tek dessverre ikkje imot opne søknader.

Hugs dette når du søker stilling i Ålesund kommune

  • Du sender éin søknad for kvar stilling (stillingsnummer) du søker på.
  • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkerliste. Du kan be om unntatt offentligheit, men då må du grunngi dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Kan ikkje kommunen imøtekome ønsket, vil du bli varsla før søkerlista blir ferdigstilt.
  • Attestar og vitnemål kan du gjerne laste opp elektronisk. Dokumentasjon vil bli etterspurt i samband med eit eventuelt intervju, eller du kan bli bedt om å sende inn dokumentasjonen i forkant av eit intervju.
  • For nokre stillingar (i skule, barnehage, helse- og sosialtenesta) blir det stilt krav til godkjent politiattest / tuberkulinprøve / undersøking for meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA). Dette skal ikkje følge søknaden, men leggast fram dersom du får tilbod om stilling, og aksepterer tilbodet.
  • For nokre fagstillingskodar (sjukepleiar, omsorgsarbeider med fleire) blir det stilt krav om autorisasjon eller fagbrev.