I Ålesundsskolen søkjer vi jamleg engasjerte lærarar, dyktige SFO-tilsette og medarbeidarar med solid fagkompetanse. Bli med på laget – saman gjer vi ein viktig forskjell!
I skulen tek dei tilsette i bruk varierte pedagogiske metodar som blir tilpassa elevane sine føresetnader, behov og faglege eigenartar. Undervisninga blir planlagt i tett samarbeid med kollegaer, elevar og heimane – fordi vi veit at gode læringsmiljø blir skapte saman.
For å trivast og lykkast hos oss er det viktig at du er aktiv, glad i menneske, tålmodig og trygg på å stille krav og gi gode utfordringar. Slik bidreg du til at barn og unge får meistringskjensle og tru på seg sjølve.
Finn ledige jobbar i skolen
Sjå alle ledige i skolen (Webcruiter)
Lagre søket, så får du e‑post når nye stillingar kjem.
Å vere lærar i Ålesundsskolen betyr å møte glade og forventningsfulle elevar kvar dag – og få ta del i dei små augeblikka som gir meining i ein travel kvardag.
Stillingar i skolen
Rektor/skoleleiar
Som rektor har du det overordna ansvaret for å leie og vidareutvikle skulen, både pedagogisk og administrativt. Du sørgjer for at elevar får eit godt og trygt læringsmiljø, og at dei tilsette har rammer som gjer dei i stand til å skape god undervisning.
Rollen passar for deg som er tydeleg, målretta og god til å samarbeide, og som trivst med å motivere og leie andre.
Utdanning innan pedagogikk og leiing er vanleg, og mange har lærarutdanning kombinert med leiarutdanning eller rektorutdanning.
Les meir om jobben som rektor/skoleleiar (utdanning.no)
Lærar
Som grunnskulelærar legg du til rette for læring, trivsel og utvikling hos elevar frå 1.–10. trinn. Du planlegg og gjennomfører undervisning, følgjer opp elevane fagleg og sosialt, og samarbeider tett med kollegaer og heime.
Jobben passar for deg som er engasjert, tålmodig og glad i å jobbe med barn og unge, og som liker å skape gode læringsopplevingar.
For å bli grunnskulelærar treng du lærarutdanning på høgskule- eller universitetsnivå.
Les meir om jobben som lærar (utdanning.no)
Skoleassistent
Som skoleassistent støttar du lærarar, hjelper elevar i kvardagen og bidreg til eit trygt og godt læringsmiljø. Du kan også jobbe i i skolefritidsordningen eller i barnehager.
Dette passar for deg som er tålmodig, trygg, omsorgsfull og liker å jobbe med barn og unge.
Det er ingen formelle krav til utdanning, men vidaregåande opplæring eller erfaring frå arbeid med barn er ein fordel.
Les meir om jobben som skoleassistent (utdanning.no)