Helse- og omsorgstenestene er ein viktig del av kvardagen til mange innbyggarar. Her møter du menneske i ulike livssituasjonar og bidreg med omsorg, oppfølging, behandling, rettleiing og støtte.
Arbeidet krev både fagleg tryggleik, gode samarbeidsevner og evne til å møte menneske med respekt. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar for kvalitet, utvikling og gode tenester nær der folk bur.
Finn ledige jobbar i helse og omsorg
Sjå alle ledige stillingar i helse og omsorg i Webcruiter
Lagre søket, så får du e‑post når nye stillingar kjem.
Tanja, Wai Wai og Enrika jobbar alle på Hatlane omsorgssenter. Dei ønsker alle nye kolleger velkommen!Jobbar i helse og omsorg
Vi har fleire stillinger innanfor helse og omsorg. Under har vi lista nokre av dei mest vanlege.
Sjukepleiar
Som sjukepleiar i Ålesund kommune møter du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver. Våre tenestemottakarar har ofte samansette behov, og du vil derfor få brukt både breidda og djupna i kompetansen din.
Det stiller krav til fagleg nysgjerrigheit, evne til omstilling og vilje til å finne gode løysingar saman med andre. Ein sjukepleiar kan bidra i heile kommunen si helseteneste – frå heimeteneste og sjukeheim til rehabilitering, psykisk helse, helsestasjon og tverrfagleg pasientoppfølging.
Norsk utdanning som sjukepleiar er ei treårig bachelorgrad på høgskule eller universitet.
Les meir om jobben som sjukepleiar (utdanning.no)
Vernepleiar
Vernepleiaren er ei viktig yrkesgruppe i tenestene til menneske med kognitive funksjonsnedsetjingar. Dei er utdanna for å drive miljøarbeid og habiliterings- og rehabiliteringsarbeid saman med menneske med fysiske, psykiske og/ eller sosiale funksjonsvanskar.
Jobben passer for deg som vil jobbe med menneske som treng din kompetanse for å forbetre livskvaliteten. Kreativitet og engasjement er viktig, du skal vere med å finne på aktivitetar som skaper glede for brukar og andre rundt deg.
Norsk utdanning som vernepleiar er ei treårig bachelorgrad på høgskule eller universitet.
Les meir om jobben som vernepleiar (utdanning.no)
Fagarbeidar
Som helsefagarbeidar handlar om å hjelpe pasientar og brukarar til å meistre eige liv. Du kan velje mellom ulike arbeidsstader, arbeidstidsordningar og brukargrupper.
Ein helsefagarbeidar har mange ulike arbeidsoppgåver og kontakt med menneske i alle aldrar. Nokon er sjuke. Andre har nedsett funksjonsevne eller skal trene seg opp etter ei ulykke.
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring. Som helsefagarbeidar kan du ta vidareutdanning innanfor mange ulike retningar på fagskole.
Les meir om jobben som helsefagarbeidar (utdanning.no)
Vi satser på kvalitet og kompetanse