Jobb i barnehage

Vil du gjere ei forskjell for dei minste? I barnehagen får du vere med og skape trygge, lærerike og magiske augneblinkar – kvar einaste dag. 

Her møter du ein arbeidsplass full av varme, leik, utvikling og samarbeid. Sammen med gode kollegaer får du vere ein viktig vaksen som ser, støttar og løfter barna vidare på vegen.

Finn ledige jobbar i barnehage

Sjå alle ledige barnehagestillingar i Webcruiter

Lagre søket, så får du e‑post når nye stillingar kjem.

Storhaugen barnehage i Ålesund sentrum markerte dei Barnehagedagen 2026 blant anna med hjemmelaga pizza og salat. 

Voksen og barn lager mat sammen

Jobbar i barnehage

I barnehagen finn du fleire ulike roller. Alle har eit felles mål: å skape ein trygg, lærerik og utviklande kvardag for barna. Her får du ei oversikt over kva dei ulike yrka inneber, og kva kompetanse og eigenskapar som trengst.

Barnehagestyrar

Ein barnehagestyrer har det daglege ansvaret for pedagogisk, personal- og administrativ leiing i ein barnehage.

Ein slik jobb passar for deg som er ein trygg og tydeleg leiar, og som trivst med ansvar og varierte arbeidsoppgåver. Du er god på samarbeid, kommunikasjon og relasjonsbygging – både med tilsette, barn og føresette.
Du må ha utdanning som barnehagelærar, eller tilsvarande, og vere oppteken av kvalitet i det pedagogiske arbeidet.

Les meir om jobben som barnestyrar (utdanning.no)
 

Barnehagelærar (Pedagogisk leiar)

Som barnehagelærar skaper du eit trygt og lærerikt miljø for barna, leier det pedagogiske arbeidet og støttar både enkeltbarn og barnegruppa i utviklinga si. 

Jobben passar for deg som trivst med ansvar, er omsorgsfull, tydeleg og god til å samarbeide og kommunisere.

Les meir om jobben som barnehagelærar (utdanning.no)
 

Barne- og ungdomsarbeidar

Som barne- og ungdomsarbeidar er du tett på barn og unge i kvardagen. Du legg til rette for leik, læring og gode opplevingar, og støttar kvart barn i utviklinga si på ein trygg og omsorgsfull måte. 

Jobben passar godt for deg som er varm, fleksibel, god til å samarbeide og liker å skape trygge relasjonar. 

Utdanninga tek to år på vidaregåande og to år i lære, og gir deg fagbrev i barne- og ungdomsarbeid.

Les meir om jobben som barnestyrar (utdanning.no)
 

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med dei daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.

Du er ein trygg og omsorgsfull vaksen som skaper gode dagar for barna. Du er leiken, samarbeidsvillig, fleksibel og støttar barna i leik, læring og kvardagsrutinar.

Mange barnehageassistentar har inga formell utdanning. Dersom du ønskjer å formalisere erfaringa di, kan du ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Les meir om jobben som barnehageassistent (utdanning.no)
 

Spesialpedagog

Jobbar ofte tett på barn som treng ekstra støtte og tilrettelegging.

Andre roller kan inkludere lærlingar, miljøterapeutar, eller assistentar med spesielt ansvar for ressursar, kjøkken eller vaktmeistertenester.