Spesialsjukepleiar

Martin Solbjørg trivst på Aspøy omsorgssenter og meiner det kjekkaste med yrket er at ein aldri blir utlært.

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg jobbar som spesialsjukepleiar ved Aspøy omsorgssenter.

Kvifor valte du yrket ditt?

Eg blei sjukepleiar fordi eg ynskja å arbeide med menneskjer. Sjukepleiaryrket tilbyr ein variert og spennande arbeidskvardag. Eg tok spesialutdanning fordi eg ynskja ei større fagleg tyngde.

Fortell oss om din jobbreise (erfaring)?

Eg starta i Ålesund Kommune da eg var 18 år. Eg fekk eit ferievikariat som pleiemedhjelpar ved Ålesund sjukeheim. Da det blei lagt ned blei eg med på flyttelasset til Aspøy omsorgssenter. Her arbeida eg i studietida. Etter eg blei ferdig utdanna har eg arbeidd ved andre sjukeheimar, legevakta og sjukehuset i korte periodar, men eg kjem alltid tilbake til Aspøy.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

For å arbeide som sjukepleiar krev det ein bachelorgrad i sjukepleie. Eg har òg valt å ta spesialutdanning. Det er ytterligare 1 år med studiar.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Det er kjekt når du ser resultatet av jobben du gjer saman med kollegaene. Vi arbeider aktivt for å gje bebuarane ein best muleg kvardag, og ein individuell omsorg ved å bruke verktøyet VIPS. Det er hektiske dagar, og ingen dagar er like. Eg har òg veldig kjekke kollegaer.

Noko eg likar spesielt godt med sjukepleiaryrket er at det er variert. Ein kan jobbe med forskjellige typar menneskjer, diagnosar og institusjonar. Som sjukepleiar blir ein aldri utlært, og ein kan variere kor ein ynskjer å arbeide.

Kva er utfordringane med jobben din?

Utfordringane i jobben er mange. Vi arbeider med menneskjer, noko som i seg sjølve er utfordrande. Når ein møter menneskjer som er alvorlig sjuke, i alvorlige livskrisar så kan dette vere tøffe situasjonar å stå i. Nokre dagar kan òg vere prega av samtidigheitskonfliktar.