Lærar

Linn Haugsbø er kontaktlærar for verdens herlegaste 1. klassingar på Hatlane skule og ho elskar jobben sin.

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg er tilsett som adjunkt ved Hatlane skole. Her er eg kontaktlærar for verdens herligaste 1. klassingar.

Kvifor valte du yrket ditt?

Eg valte å bli lærar fordi eg ønska å jobbe med barn. I tillegg likar eg å formidle kunnskap, og eg er sånn passe kreativ og leiken.

Fortell oss om din jobbreise (erfaring)?

Eg starta vel eigentleg tankeprosessen om å bli lærar da eg jobba i barnehage. Ynskje om å jobbe med barn blei forsterka, men eg kjente at eg ville satse på dei litt større barna der eg kunne få dele litt meir kunnskap, gå inn i barna sine tankeprosessar i ulike faglege tema og dele gode samtalar rundt barna sin læring. Eg satsa da på lærarskulen, og det har eg ikkje angra eit sekund på. Eg fikk jobbe litt som vikar i to år under utdanningsløpet, og har no snart tre år som tilsett her på Hatlane skule kor eg har fått prøve meg både som timelærar på ulike trinn og no kontaktlærar i 1. klasse.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

For å bli adjunkt gjekk eg fire år på lærarskulen i Volda. Innanfor lærarutdanninga har ein fleire val og vegar ein kan gå, både når det gjeld fag, men òg i forhold til utdanninga sitt innhald og lengde. Eg valte utdanninga for 1.-7. trinn, og kan undervise i mine valte fag på barneskulen.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Det kjekkaste med jobben min er å kunne kome kvar einaste dag til eit rom fylt av smilande og forventningsfulle barneansikt som viser så tydeleg at dei alltid er glade for at eg kjem. Dei store smila i kvardagen, dei overraskande utrykka og reaksjonane når eg fortel om noko spennande, dei takknemlige klemmane når ein har trøsta nokon om har vore litt utanfor, dei fornøgde og glade «high-fivene» når barna meistrar noko dei har jobba veldig for å få til – rett og slett dei små augeblikka som varmar så mykje i ein travel kvardag.

Kva er utfordringane med jobben din?

Det er mange utfordringar i jobben som lærar. Eg står kvar dag i et rom fylt med unge håpefulle barn som skal følgast opp både fagleg og sosialt. Det kan til tider følast som ein overveldande oppgåve å skulle ha kontroll på kvar einaste elev si utvikling på alle punkt. Men det er jo òg det som gjer jobben så givande – å få følgje med på elevane si utvikling, steg for steg, og få delta i deira daglege mestring. Men den største utfordringa i jobben min er nok tida. Eg har altfor lite tid… Det er så mykje eg skulle ynskje eg fikk tid til å gjere saman med elevane.

Eg har mange gode kollegaer, og saman lagar vi mange gode og kreative undervisningsopplegg. Dessverre er det òg mange av dei gode planane som må utsettast eller skrinleggast på grunn av at vi rett og slett ikkje får tid til å gjennomføre dei. Slik er den travle skulekvardagen, og uforutsette ting dukkar opp heile tida. I 1. klasse er det heldigvis rom for mykje leik innimellom bokstavinnlæring og andre faglege oppgåver, så da får eg mulegheit til å utfolde kreativiteten og til tider la den lekne og barnslige sida ta litt overhand. Så eigentleg går utfordringane og gledene hand i hand i dette yrket. Eg vel å ta kvar ei utfordring som ei positiv giv som gjer at eg kan meistre i min kvardag saman med elevane mine.