Ingeniør

Lars Vidar Olsen Synnes er ein av dei som faktisk beskyttar drikkevatnet vårt her i kommunen. Han er ingeniør i avdeling for vatn.  

Kva jobbar du med i Ålesund kommune?

Eg jobbar rett og slett med drift vatn. Det vil seie at eg har analyseplanar for vatn, er prosjektleiar for nokre prosjekt kor det skal leggast nye vassledingar, beskyttelse av drikkevasskjelda, arbeid med internkontroll ++.

Kvifor valte du yrket ditt?

Eg har fleire interesser. Å bli ingeniør var ein av dei. Eg vurderte òg å bli arkitekt sidan eg er ganske god til å teikne. Det skal faktisk seiast at eg hadde arkitekt på førsteplass til ein dag før fristen for opptak til skule gjekk ut. Da endra eg det og satt ingeniørstudiet ved Høgskulen i Ålesund som fyrstevalet. Eg likar å skape og endre på ting, og med mitt noko matematiske tankesett var nok dette litt av grunnen til at eg valte ingeniørutdanning. Som storebror har eg kanskje ein liten leiar i meg, noko eg ser for meg i framtida yrkesmessig òg.

Fortell oss om din jobbreise (erfaring)?

Frå januar 2007 til ut 2014 jobba eg som avdelingsingeniør i Giske kommune med vatn og avløp. Frå januar 2015 til sommaren 2018 tok eg meg fri frå ingeniøryrket og fikk mykje kvalitetstid med mine to søner som no er 4,5 og 2,5 år gamle. Sidan august 2018 har eg jobba som avdelingsingeniør drift vann her i Ålesund kommune.

Kva utdanning kan ein ta for å jobbe med det du gjer?

Eg tok 3-årig bachelor bygg ingeniør med 1 år økonomi og leiing i tillegg. No som NTNU har eigen «vatn og avløpslinje» så er vel dette kanskje den beste måten for å få ein tilsvarande jobb. Eg trur at kombinasjonen av utdanninga mi og relevant erfaring var årsaka til at eg fikk jobben.

Kva synes du er kjekt og spesielt med jobben din?

Oppfølging av prosjekt kor ein kan vere både litt på kontoret og litt ute på byggemøter er kanskje det kjekkaste. Da får man litt variasjon gjennom arbeidsdagen. I tillegg sett eg pris på at min teamleiar David Mertsching har ynskja at eg skal ta eit 30 studiepoengs studie. Dette studiet, som heiter «Krisehandtering og beredskap i vannbransjen», starta eg med i september 2018 og det varar til mai 2019.

Kva er utfordringane med jobben din?

Der er sjølvsagt utfordringar i ein jobb, viss ikkje hadde det vel kanskje i fyrste omgang ikkje vore nokon jobb. Det er vanskelig å setje fingeren på kva som er spesielt utfordrande. Kanskje når ein har mange sakar pågåande samtidig. Det å da klare å halde framdrift og rett prioritet i alle sakane, og ikkje gløyme av noko, kan vere utfordrande. Eg har lagt meg til ei god vane; å skrive ned det meste av stort og smått eg skal gjere slik at eg har det visuelt framfor meg. Ein stor forretningseiar sa ein gong: «Den sløvaste blyant er skarpare enn den skarpaste hjerne». Han skreiv ned alt i ein liten gul notisblokk og fikk mykje gjort!