Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

Kommunen som arbeidsgivar

Kommunen som arbeidsgivar

Dei tilsette er Ålesund kommune sin viktigaste ressurs. Derfor er vi opptatt av at våre medarbeidarar skal trivast både i sin daglege jobb og ilag med sine kollegaer. Ei forutsetning for dette er at ein har trygge og ordna rammar rundt seg, og har mulegheiter for personlig og fagleg utvikling.

Løn, forsikringar og pensjon

Alle tilsette i Ålesund kommune er dekt av tariffavtale inngått med arbeidstakarorganisasjonane. Hovudtariffavtalen regulerer løns – og arbeidsvilkåra for alle arbeidstakarane i kommunen.

Tilsette i Ålesund kommune er forsikra mot skadar og ulykker i arbeidet. Forsikringa inkluderar gruppelivsforsikring, yrkesskade - og ulykkesforsikring.

Ålesund kommune har ein av dei beste pensjonsordningane i KLP (Statens pensjonskasse for undervisningspersonale). Pensjonsordninga dekkjer i hovudsak av arbeidsgjevar og kjem på toppen av løna. Visste du forresten at Ålesund kommune som arbeidsgjevar betalar ein premie som svarar til ca. 8 % –15 % av løna for å finansiere rettigheitene innan pensjonsordninga? I tillegg betaler tilsette sjølv 2 % av løna, og ordninga gjev da rett til alderspensjon/AFP, attføringspensjon/uførepensjon, ektefellepensjon og barnepensjon.

IA-verksemd

Ålesund kommune har inngått IA-avtale, og har dermed forplikta seg til å arbeide systematisk for å nå avtalen sine mål om eit meir inkluderande arbeidsliv. Dette inkluderer å førebygge sjukefråvær, auke fokuset på jobbnærværet og hindre utstøyting frå arbeidslivet.

Bedriftshelseteneste

Ålesund kommune har avtale om bedriftshelseteneste. Dei enkelte verksemdene følgast opp ca. kvart 5. år med den intensjon at tenesta skal medverke til sunne, helsebringande arbeidsplassar, lågare sjukefråvær og at den enkelte skal få den nødvendige oppfølginga når det gjeld helsemessige problemstillingar knytt til arbeidet sitt.

Fleksitidsordning

Det er mogeleg for fleksible arbeidstidsordningar for stillingar der dette kan gjennomførast av omsyn til publikum og interne arbeidsforhold. Tilsette med fleksitid har eit visst ”spelerom” når det gjeld start og avslutning av arbeidsdagen. Normalarbeidsdagen treng altså ikkje vere oppfylt kvar dag; nokre dagar kan du jobbe meir, andre dagar mindre.

Kompetanseutvikling

Ålesund kommune er ein stor og viktig serviceleverandør for kommunen sine innbyggjarar. Kvaliteten på dei tenestene som leverast er i stor grad avhengig av menneskjene i organisasjonen; deira kunnskapar, ferdigheiter, holdningar og personlege eigenskapar i møte med brukarane. Dette stiller store krav til kompetansen til de tilsette i kommunen.

Ålesund kommune ynskjer å gje muligheiter for faglig og personlig utvikling for den enkelte tilsette. Det satsast derfor sterkt på ein strukturert kompetanseutvikling.

Til toppen