Vaksinasjonsprogrammet for vaksne

Hausten 2026 er influensavaksina forsinka og er først venta til Ålesund i veke 45, dvs. i begynnelsen av november. Forsinkinga skuldast produksjonsutfordringar hos vaksineprodusentar.

Kommunen planlegg vaksinering frå midten av november, og det vil fortsatt vere god tid til å vaksinere aktuelle grupper før influensasesongen er i gong. 

Vaksine til sjukeheim og nesesprayvaksine til barn vert levert til vanleg tid.  

Kven bør ta vaksinene og kva vaksiner kan dei ta?

  • Vaksenvaksinasjonsprogrammet er retta mot deg som er 65 år og eldre, eller om du er yngre og tilhøyrer ei risikogruppe.
  • Vaksinene som inngår i programmet er koronavaksine og influensavaksine. I tillegg kan du som er fødd i 1960 og 1961, (ikke før eller etter) få lungebetennelsesvaksina Prevenar 20 program til redusert pris.
  • Sjå meir informasjon om vaksinasjonsprogrammet for vaksne.

Kvar kan du ta vaksinen og korleis bestille time?

Pris på vaksinene hos vaksinestasjon, fastlege og Medi 3

Priser vaksinasjonsprogrammet for voksne
VaksinePrisPris for samvaksinasjon
Influensa308,-
Korona110,-85,-
Pneumokokk110,-85,-

Barn og ungdom under 18 år

Koronavaksinasjon av barn i alderen 6 mnd. til 11 år bør vurderast individuelt av lege før vaksinasjon.

Samtykke for vaksinasjon av barn og unge under 16 år

Barn og unge under 16 år skal ha med skriftleg samtykke til vaksinasjon frå begge føresette med foreldreansvar for å kunne få influensa- og eller koronavaksine.

Nytt samtykkeskjema må takast med kvar gong barnet møter til time for influensa- og eller koronavaksinasjon.

For barn under offentleg omsorg skal den som følgjer barnet ha med skriftleg samtykke frå barneverntenesta.