Bu trygt heime

For å sikre at du kan bu tryggare og lengst mogleg i eigen heim, kan du sjølv gjere ei rekkje forbetringar og tiltak i bustaden din.

Å tilpasse ein bustad er å gjere den egna til å bu i med tanke på framtidige helseutfordringar. Det er nyttig å gjere refleksjonar rundt eigen kvardag og om framtida:

  • Er det her eg skal fortsette å bu?
  • Har eg alt eg treng på ei flate?
  • Er det trapper inn til bustaden min?
  • Har eg gangavstand til viktige funksjonar, som nærbutikk, lege og busstopp?
  • Er det elektriske anlegget i god stand, med tanke på branntryggleik?
  • Har eg god internettdekning? (Dette gjer det mogleg å ta i bruk hjelpemiddel som sender varsel ut frå bustaden).
  • Kan eg kome meg ut og vere sosial når eg ønskjer det?

Dersom du treng å tilpasse bustaden din, kan du søkja Husbanken om tilskot. Les meir på Husbanken si nettside.

Du må avgjere korleis du vil bu – før andre avgjer for deg!

Skap trygge og sikre omgivnader

Du kan gjere mindre grep i bustaden din for mellom anna å redusere risikoen for fall og for å styrkje branntryggleiken.

Branntryggleik  

Sørg for å ha røykvarslarar som fungerer. Be gjerne om hjelp frå pårørande til å klatre opp for å teste dei og skifte batteri. Sjekk at du har sløkkjeutstyr som du meistrar å bruke sjølv. Brannteppe og sløkkjespray er anbefalt og enkelt å nytte.   

Komfyren er ei vanleg kjelde til bustadbrann, men ei komfyrvakt kan forhindre dette.  Den kuttar straumen til komfyren, dersom du gløymer å følgje med på kokeplatene. Installer gjerne også eit tidsur til kontakten der du bruker kaffitraktaren.   

Trygg i trappa  

Innendørs er det lurt å sette opp gelender på begge sider av trappa viss du har det. Merk gjerne første og siste trinn med ei fargestripe. Då ser du mykje lettare kvar trappa byrjar og sluttar. Om du legg antisklibelegg på alle trinna, reduserer du faren for å skli i trappa.   

Har du trapper utandørs, bør du setje opp rekkverk. Rådet gjeld og dersom du har ei bratt bakke eller sti opp til huset.   

Tryggleik på badet   

Dusj er betre enn badekar. Det er tryggare å gå inn og ut av dusjen, og enklare for dei som eventuelt skal hjelpe deg.   

Monter gjerne eit handtak i dusjen og bruk ei stødig dusjmatte, slik at du ikkje glir så lett på våte badegolv. Viss du blir svimmel innimellom, bør du skaffe deg ein stabil dusjkrakk.   

Fjern lause gjenstandar    

Du bør fjerne snublefeller i heimen din. Det inneber å unngå lause leidningar, teppe og gjenstandar der du vanlegvis går i huset. Teppe som fort glir, er spesielt viktig å fjerne. Golvteppe der kantane stikk ut, bør du også ta bort. Det bør vere fritt for teppe og løyse gjenstandar mellom senga di og toalettet.   

Unngå klatring   

Balansen blir dårlegare med åra, og du bør derfor unngå å klatre opp på krakkar og benker for å nå øvst i hyller og skap. Flytte derfor det du har bruk for i det daglege ned til ei høgd der du enkelt når opp.   

Bruk innesko  

Bruk stødige innesko med støtte rundt hælen. Går du på sokkelesten inne, er det lett for at du sklir og fell.   

Lys om natta  

Ha på litt dempa lys på om natta, slik at du reduserer risikoen for å falle viss du skal på toalettet på nattetid. Er det vanskeleg å sove med lys på, kan du ha ei lommelykt på nattbordet.    

Behov for å flytte?   

Du bør tenkje over korleis du ønskjer å bu i alderdommen. I tillegg til at sjølve bustaden bør vere seniorvennleg, er det mange andre faktorar du bør ta med i vurderinga. Ta med i betraktninga at du kan få dårlegare helse undervegs, og då kan det vere meir krevjande å flytte.    

Vurder om bustaden din gir deg enkel tilgang til butikk, transport og sosiale samlingsstader. Bur du usentralt og langt unna offentleg transport, kan det bli utfordrande og einsame kvardagar dersom du på eit tidspunkt ikkje meistrar å køyre bil lenger. Tenk også over korleis du kan løyse nødvendig vedlikehald av hus og hage i åra framover.  

Ønskjer du å flytte til ein meir tilrettelagd bustad, er det best med ei leilegheit som er trappefri og har livsløpsstandard.

Kva kan kommunen hjelpe deg med? 

Førebyggande heimebesøk

Låne hjelpemiddel

Helse- og meistringsteknologi