Tvangstiltak

I Ålesund kommune er det oppfølgingstenestene som har ansvar for saksbehandling som gjeld tvangstiltak for personar med rusmiddelvanskar.

Saksbehandlinga blir gjort i samarbeid med kommuneadvokat og bistandsteam ved spesialisthelsetenesta TSB (Tverrfaglig spesialisert behandling av ruslidingar).

I vårt arbeid følger vi alltid Helse- og omsorgstenestelova kapittel 10: Tvangstiltak mot personar med rusiddelmisbruk, samt dei prosedyrane for saksbehandling som er lagt til grunn i Helsedirektoratet sin «Rettleiar om tvangstiltak mot personar med rusmiddelproblem». 

Blir vilkåra i lova oppfylt, gir denne løyve til:

  • §10-2; tilbakehald i institusjon utan eige samtykke
  • §10-3; tilbakehald av gravide rusmiddelavhengige
  • §10-4; tilbakehald på bakgrunn av eige samtykke

Bekymringsmelding og oppretting av sakar

Når vi vurderer at det er nødvendig å kartlegge om det er grunnlag for å sette i verk tvangstiltak, vert det oppretta sak. 

Mange sakar blir også oppretta etter melding frå pårørande eller andre, om bekymring for personar som treng bistand og oppfølging.

Korleis kontakte oss?

Er det vurdert å vere ein akuttsituasjon utover tida der avdelingsleiar ikkje er tilgjengeleg, må ein kontakte legevakt og/eller politi. Ring 113.

Ansvarleg for tenesta