Housing First - frå bustadslaus til varig bustadHousing First hjelper bustadslause med rus- og/eller psykiske lidingar til varig bustad og oppfølging. Sist endra 10.01.2025 09.38 Tenestetilbodet har som mål å bistå deltakerne med å etablere seg i ein varig bustad. Housing first har ikkje eigne bustadar, men har tett samarbeid med Ålesund kommunale utleiebustadar.MålsettingMålsettinga er at kvar deltakar har ei oppleving av betring av livsrøysle og livskvalitet - at kvar deltakar har sin eigen bustad for å ha god helse, gode opplevingar og livsmestring i kvardagen.Kva kan Housing First tilby?Housing First-teamet har som oppgåver: Å bistå deltakargruppa med å få varig bustad. Å bistå deltakar med å søke på kommunal utleiebustadar. Oppfølging er knutta til deltakar og ikke leieforholdet.Individuell tilnærming til den enkelte deltakar.Tilbod om individuell plan, ansvarsgruppe og kriseplan. Kriterier for deltakingFor å få delta på Housing First må du ha:etablert ein rusavhengigheit og/eller rus- og psykiatriliding (ROP)vore bustadslaus over ei periode på om lag eitt årha vanskar med å halde på ein bustadvere heimehøyrande i Ålesund kommuneinngå avtale om minimum ukentlege heimebesøk fra Housing First-teamet.Korleis få tilbodet? Du kan ta direkte kontakt med Housing First, så kan vi finne ut om tenesta kan vere noko for deg. Ansvarleg for tenesta Psykisk helse og rus