Bekymra for rusmiddelbruket til ein som står deg nær?

Dersom du er pårørande og er alvorleg bekymra for ein rusmiddelavhengig, kan du melde inn bekymring. 

Kven kan melde inn bekymring?

Pårørande kan melde inn bekymring som gjeld personar som har omfattande og vedvarande rusmiddelproblem. Denne retten er grunngitt i Lov om helse- og omsorgstenester §10-1.

Korleis melder eg inn ei bekymring?

Du kan sende ei skriftleg bekymring til psykisk helse- og rustenesta. Vi minner om at sensitive opplysningar må ikkje sendast i e-post. Slik sender du brev og dokument på ein sikker kanal via eDialog.

Du kan også ringe Anne-Marie Aasen

Kva skjer etter at eg har meldt inn ei bekymring?

Når du har meldt inn ei bekymring har vi plikt til å greie ut saka, vurdere alvorsgrada og om det eventuelt er grunnlag for å fremje sak til fylkesnemnda om tvang (hald tilbake i inntil 3 månader). 

I utgreiinga pleier kommunen vanlegvis å kontakte personen bekymringa gjeld, i tillegg til å innhente informasjon frå relevante partar. Dette må personen samtykkje til.

Målet vårt er å få til eit samarbeid med den som rusar seg om frivillig hjelp, men i nokre situasjonar kan det likevel vere nødvendig med bruk av tvangstiltak. 

Som pårørande har du krav på ei skriftleg tilbakemelding når saka er ferdig greidd ut.