Målgruppe
Personar som blir tatt for bruk, erverv eller innehav av mindre mengder narkotika til eigen bruk, kan av påtalemakta og politi bli pålagt å møte for den kommunale rådgivande eininga (jf. straffelova § 37-k).
Tilbod
Den rådgivande eininga skal gi personen rettleiing, råd og generell informasjon om helsefare og risiko ved rusmiddelbruk. Eininga skal og informere personen om moglege og relevante hjelpetiltak. Ved samtykke skal eininga bistå personen til vidare hjelp, oppfølging eller tilvising, basert på behov av tiltak/teneste.
Eininga skal utføre rusmiddeltesting dersom dette er sett som vilkår av påtalemakta.
Les meir om vilkår og rutinar for oppmøte og ruskontroll hos rådgivande eining for russaker på helsedirektoratet.no
Kontakt
Rådgivande eining i Ålesund kommune er organisert som ein funksjon lagd til fagpersonar i ulike tenester. Saker til eininga vil bli vurdert og fordelt ut frå kva som sannsynlegvis vil vere beste tilpassing/tilgjenge for personen.