Skansen aktivitet er eit dagtilbod for deg med psykiske vanskar. Her kan du delta på meiningsfylte aktivitetar, oppleve meistring og vere delaktig i drifta og planlegginga.
Er du til dømes glad i å gå tur? Lage mat? Handarbeid? Spele fotball, TV- eller brettspel, eller å skravle over ein kaffekopp?
Her er det stor takhøgde og lett å stikke innom; du treng ikkje tilvising frå lege eller andre for å kome hit. Det kan vere lurt å gjere ein avtale før du tek turen fyrste gongen. Det gjer du enkelt ved å ta kontakt med oss på Facebook, sende ein e-post eller ved å ringe.
Velkomen skal du vere!
Opningstider:
Kvar ukedag mellom kl. 09.30 – 15.30
Adresse:
Sorenskriver Bullsgate 17, 6002 Ålesund
Kontakt