Pårørande ved rus

Er du pårørande til nokon som slit med rusavhengigheit? Det å snakka med nokon som veit kva du går gjennom og som sjølv har kjent på mykje av dei same kjenslene som deg, kan vere til god hjelp.

Vi tilbyr likepersonsamtaler, der det å vere ein støttespelar og ein likeperson står i sentrum. Vi kan tilby informasjon om dei ulike hjelpetiltaka som finns, eller berre vere ein å snakka med om "alt og ingenting».

Kven er vi?

Vi er ikkje behandlarar, rådgivarar eller psykologar. Men; vi har erfaring som pårørande til rusmisbrukarar. Vi har kjent på frykta for kva som kan skje, usikkerheita for vegen vidare. Vi har kjent på frustrasjon, på glede og på sorg. Vi veit kva det vil seie å vere ein pårørande til ein som slit med rus, og vi vil bruke nettopp den erfaringa til å hjelpe andre.

Korleis kontakte oss?

Vi har sjølvsagt teieplikt, og tilbodet er både gratis og utforpliktande. Du kan ta direkte kontakt med erfaringskonsulent tlf. 46 83 35 73.

Tilgjengelighet: mandag – fredag kl. 08.00 – 16.00

Ansvarleg for tenesta