Pårørande ved kreft

Å leve med nokon som slit med sjukdom er krevjande. Roller endrast, kvardagen utfordrast, og familien treng deg frisk, så hugs å ta vare på deg sjølv.

I ein slik situasjon kan det være nyttig å snakke med andre som kan gi faglege råd eller som har vore i same situasjon.

Sjå oversikt over tilbod, aktivitetar og kurs for pasientar og pårørande.

I Ålesund har vi kreftkoordinatorar som du kan kontakte for å få hjelp.

I samarbeid med den andre i kreftomsorga i kommuna, skal kreftkoordinator sikre:

  • Rådgiving og informasjon til befolkninga: 
    Førebygging og helseopplysning
  • Heilskapleg omsorg:
    Kreftkoordinator skal vere til hjelp for å koordinere og leggje til rette kvardagen til kreftramma og deira pårørande.
  • Ei samanhengande teneste der bistand og oppfølging frå ulike etatar er samkøyrde:
    Kreftkoordinator skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommuna.
  • God kompetanse blant helsepersonell som arbeider med kreftomsorg: 
    Kreftkoordinator skal bistå med undervisning, rettleiing og refleksjon.

Kreftkoordinator kan bidra med:

  • Samtalar, råd og rettleiing til pasientar og pårørande
  • Oversikt over relevante tilbod og tenester
  • Førebyggjande tiltak og opplysning om kreft
  • Sorgarbeid og oppfølging av etterlatne
  • Undervisning, råd og rettleiing til helsepersonell

Kontaktinformasjon kreftkoordinator:

Ansvarleg for tenesta