Klinisk etikk-komite

Klinisk etikk-komite (KEK) er eit tverrfagleg samansett forum innanfor kommunalområde helse i Ålesund kommune

Komiteen skal mellom anna bidra til å: 

  • få fram ulike aspekt gjennom grundig drøfting 
  • kvalitetssikre vanskelege etiske avgjersler
  • gje tryggleik og støtte til dei som «står i det»

Mandat

Klinisk etikk-komite skal ha ein todelt funksjon: 

  1. Rådgjevande organ:  
    1. Gjennomføre etikkdrøftingar etter systematisk modell for etikkrefleksjon (SME-modellen)
    2. Vere eit rådgjevande organ for helsepersonell, pasientar, brukarar og pårørande i etiske utfordringar og etiske dilemma
    3. Årleg, og elles ved behov, informere kommunalsjef og leiing om område som opplevast krevjande av helsepersonell, pasientar, brukarar og pårørande i eit kvalitetsforbetringsperspektiv.
  2. Kompetanseheving i kommunen:
    1. Stimulere til systematisk etisk refleksjon i verksemdene
    2. Bidra til auka bevisstheit og kompetanse blant helsepersonell om verdispørsmål 
    3. Bidra til auka kompetanse i å identifisere, analysere og avklare etiske problem og dilemma 

Komiteen kan til dømes bidra med rettleiing og/eller undervisning i etikk og systematisk etikkrefleksjon eller til å arrangere fagdagar med ulike tema. Den kliniske etikk-komiteen har ikkje sanksjons- eller avgjerdsmynde, og behandlar ikkje klagesaker eller personalsaker.

Kontakt

Alle - både helsepersonell, pasientar, brukarar og pårørande, som ønsker å fremje ei sak, kan kontakte komiteen. Komiteen handsamar personsensitive opplysningar i tråd med retningslinjer frå Senter for medisinsk etikk.

Alle medlemmar av KEK har teieplikt. Drøftinga skal vere upartisk, og medlemmane har sjølv ansvar for å melde seg inhabile når det er aktuelt.

Skjema: Innmelding av sak til Klinisk etikk-komite

Saker bør bli meldt inn gjennom skjemaet. Personar kan også kontakte følgande person på epost, men ikkje med sensitiv info. 

Merete Brungot Kløvning

Du kan også kontakte komiteen med brev, nytt då følgande adresse: 
Ålesund kommune
Postboks 1521
6025 Ålesund

Medlemmar i klinisk etikk-komite

Klinisk etikk-komite
Namn Rolle i komiteen Stillingstittel
Merete Kløvning Leiar Pårørandekoordinator Rådgjevar
Heidi Fagerhol Sandvik Nestleiar Fysioterapeut Rådgjevar (USHT)
Helle Vatsaas Vinje Medlem Juridisk rådgjevar team helse
Anders Grytten Medlem Sokneprest Ålesund
Maria Hellevik Medlem Sjukeheimsoverlege
Camilla Stjern Brandal Medlem Sjukeheimsoverlege
Magne Sellereite Medlem Avdelingsleder team helse
Karina Hanken Grønnestad Medlem Verksemdsleiar oppvekst
Svein Rune Johannessen Brukarrepresentant