Rådgiving for syn og høyrsel

Syns- og høyrselskontakta kan hjelpa deg som har nedsett syn eller høyrsel med å finne gode løysingar eller hjelpemiddel, for å mestre i kvardagen. 

Synskontakten kan òg hjelpa med å søkja synshjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral.

Kva kan du få?

  • Hjelp til kartlegging av kva hjelpemiddel du kan ha behov for.
  • Informasjon og rettleiing om tekniske hjelpemiddel.
  • Hjelp til å søkja om hjelpemiddel.
  • Oppfølging når behova endrar seg.
  • Ein kontaktperson mellom deg og hjelpeapparatet.

Kven kan få tilbodet?

  • Personar som er innvilga høyreapparat frå folketrygda.
  • Personar som har konstatert eit høyrselstap hos legen og som ikkje brukar høyreapparat.
  • Personar som er svaksynte eller synshemma, personar som har andre alvorlige synsdefektar som reduserer synsfeltet. Årsaka til nedsett syn må diagnostiserast av augelege.

Søk om tenesta

Kontakt til syns- og høyrselskontakt kan kome frå heimetenesta, NAV- hjelpemiddelsentral, fastlege eller augelege.

Ansvarleg for tenesta